onsdag 13. november 2013

Jakke med holmønster

Har nett sydd i knappane i denne vesle jakka:
Denne skal Sigrid til Inger Marie få.
 
Mønsteret er frå Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe og er veldig fint. Med garnet Fin Alpakka frå DSA vridde mønsteret seg heile tida mot venstre. Det benka seg litt når eg sydde jakka saman, men den er ennå litt skeiv. Håpar det går an å bruka den likevel. Og det burde kanskje vore kvite knappar, men for ein liten unge er det litt festlegare med raude hjerter og blå blomar;-)
 
Jakka er strikka i størrelse 2 år, men den vart nesten like stor som islenderen til broren i størrelse 4. Så det er noko som ikkje stemmer heilt:)

søndag 10. november 2013

Islender

Ein liten islender vart ferdig for litt sidan!
 

Denne skal guten til Inger Marie få. Eg såg mønsteret i Knit for Your kid av Susie Hauman og fekk veldig lyst til å laga den. Då vart Vegard den heldige utkåra!! Det er brukt dobbelt Shetland Soft frå Malsen og mor. Det var mykje å halda styr på fire nøster, så pusta letta ut når eg var ferdig med mønsteret:) Størrelsen er fire år, men tru kanskje den er blitt litt mindre...!

torsdag 7. november 2013

Ballongbukse

Ein etterlevning frå sommaren er endeleg klar: ballongbuksa til ein liten babygut:
Mønsteret er frå heftet All you knit is love av Susie Hauman. Eit veldig kjekt hefte!
 
Mønsteret er ikkje skikkeleg fletting, sjølv om det ser slik ut. I staden for å fletta strikka ein tre vrang saman, noko som faktisk var litt putle. Neste gong eg lagar denne, vil eg bruka eit anna mønster i stripene.
 
Garnet eg brukte var Shetland Soft frå Malsen og Mor. Eit garn som finst i eit utal flotte, melerte fargar. Eg er fan av dette garnet. Men det er litt spinneoljerester i det som gjer tråden litt hard og treg å strikka med. Men då eg vaska buksa heilt til slutt vart den mjuk og god! :)

Til slutt; ein liten film om strikking. Den er laga av Laura Neuvonen.
Sjølv om det er kjekt å strikka er det lurt å gi seg i tide!!

søndag 3. november 2013

Farmengenser

Nå er endelig julapresangen frå i fjor ferdig:)
Ein vond arm og hardt garn på litt tynne pinnar får skulda for at det har teke så lang tid... Men mottakaren er nøgd, sjølv om han har venta lenge. Mønster og garn er frå Rauma/Husfliden. Halsen rullar nok ikkje så fint som den skal, eg brukte ein "elastisk" måte å fella av på som gjorde den litt kranglevoren... men nå tenker eg å ta siste runde opp igjen og fella av på nytt på vanleg vis.

lørdag 5. oktober 2013

Haust og hanskar


Etter dagevis med sol og haustfargar har må nå gått over i dei grå haustdagane i Bergen. Dagen skal brukast til inneaktiviteter med god samvittighet, blant anna saftkoking og baking. Men først: loppemarked og ein tur til stoff og stil! :-)

Så ein etterlevning frå sommaren: Janne og eg strikka selbuhanskar til Trine og Jan Eirik sitt bryllup. Her er herrehanskane som eg laga. Putlearbeid med pinne nr. 2 og finull gammalserie frå Rauma... men varme og gode til vinteren blir dei;-)

tirsdag 1. oktober 2013

Sommaren er over

Ja, nå er sommaren over, og eg tok visst ferie både frå jobb og blogg! Det vart ein lang sommar i år, med heile 6 veker ferie. Så ferien må nok oppsummerast over fleire innlegg både i aktiviteter og handarbeid;)

Me hadde oss nokre turar, først til Trondheim i juni:
Me rusla rundt på gamle tomter; NTNU, Festningen, Marinen og me tok til og med trikken opp i Bymarka! Turistar...! Elles vart det nokre turar til Skarfoss og hytta før eg reiste til Spania med familien. Der levde me strandlivet og tok ein del fine kjøreturar, til Cartagena, La Manga, Alicante og Guadalest:


Vel heime fekk eg endeleg overrekt eit sjal som forsinka bursdagspresant til Tante Signe:

Mønsteret er Henslowe frå Ravelry og garnet er eit slags Isager- og nøstebarngarn...!

onsdag 19. juni 2013

All about love-sjal

Nå har mottakaren endeleg fått ein forsinka 30-årspresang, eit sjal med garn frå PurlSoho i New York. Garnet var litt stretchy, og trekte seg saman, så sjalet måtte rekkast opp og strikkast på nytt med fire ekstra rapportar. Så det er grundig strikka.


Mønsteret er gratis frå Ravelry og heiter "All about love".



søndag 2. juni 2013

Spiresalat

Det blei til slutt spiresalat, utan å koka linsene. 


Blanda saman med mango, agurk, paprika, ovnsbakt torsk og fetaost vart det rektig så bra! Kan anbefalast.

onsdag 29. mai 2013

Det spirer og gror

Javel, nå spirer "me" linser i klesskapet til BA. Det var det einaste skapet der "me" hadde plass ;-P Og det går veldig bra! Etter ein natt i bløyt på kjøkkenbenken og to netter i skapet er spirene lange og fine! 

Dei er faktisk så ivrige at dei har lyst til å komma ut!!! :)


Men dei skal få ei natt til, for eg veit ikkje heilt kva eg skal bruka dei til.... Vanligvis skal ein jo koka grøne linser, men kanskje me ikkje treng det når dei har spirt??? hmm, må sjekka dette litt.

Uansett, linser er visstnok "den mest potente matvara me kan få i oss" i følge ei bok eg har. Bønner og linser inneheld generelt protein og mineral, men når dei spirer blir dei i tillegg rike på C-vitamin og fleire B-vitamin... Så nå blir me FORFERDELEG sunne:)

onsdag 1. mai 2013

1. mai og svinekarbonader

I fjor 1. mai var det sol og me malte huset til mamma og pappa. I år snør det horisontalt:) Det har blitt ein liten tur ut av leiligheten i dag, kun for ein runde på treningssenteret. Eg fant ut at det heldt for i dag! 

Så nå har det blitt litt husarbeid og eg har laga svinekarbonader for "eit halvt år":

Tre svinekjøttdeigar, ein og ein halv løk, to japanske kvitløkar, tre egg, litt krydder, salt og pepar gav 21 karbonader som er kjekke å ta opp frå frysen:) 

Burde vel laga meir når eg først var i gong. Men eg svidde den første porsjonen med karbonder på takka og røykla med det heile leiligheten, så akkurat i dag var det nok... Neste gong skal eg bruka lågare temperatur og ein annan fett, olje var betre enn smør til dette her. Svinekjøtdeig (og kyllingkjøtdeig) har det i tillegg med å klistra seg i panna sidan det er så magert, så det må smørjast godt!

søndag 14. april 2013

ELIN 25 ÅR

Gratulera med dagen:)

I dag har me hatt besøk av ein jubilant, og ho hadde bestilt langpanne - sjokoladekaka!



Eg fekk endeleg brukt ei oppskrift eg reiv ut av ... sikkert familien... for fleire år sidan. Det er visst ikkje kvar dag det står sjokoladekaka på bordet her;)

Oppskrifta var voldsomt enkel;
Bland 500g mjøl, 900g (!) sukker, 3ss kakao, 1ts bakepulver, 1ts vaniljesukker og 2ts natron. Hell i 1liter skumma kultur og ha oppi ei langpanne. Steik i 25-30minutt ved 200grader på midterste rille.

Kok opp 1dl kremfløyte. Brekk opp og rør inn 200g kokesjokolade. Rør til glasuren er blank. Del kaka i to, smør fyll på den eine delen, legg over den andre delen og ha resten av fyllet på toppen. 

Kaka var saftig og god, og bursdagsbarnet var nøgd;) Ho fekk også servert ei  rykande fersk, grå, lodden vinhøne, den rakk eg ikkje å ta bilete av før den flaksa til Stavanger;)

GRATULERA OGSÅ TIL HEGE SOM HAR BURSDAG I DAG!!! :-D

søndag 7. april 2013

Vinhøner

Strikkepinnane har ikkje lege heilt utbrukte i det siste heller, før påske drog eg saman to vinhøner. På biletet er ei "strame og fin", den andra "slakke og sid", ref vinhønedikt under:

Når høno di 
e' strame og fin,
Så e' da fordi 
ho e' fudle tå vin.

Men kva ein skal velja
e' vanskeleg å sei:
Høno så fin,
Eller glaset med vin?

Når høno di 
e' slakke og sid,
då e' da på tide 
å fylla meir i.

Skaff deg ny ladning,
og putt den på plass:
Høno vert fin,
og alle får vin.

Stein Haldorsen


Marianne har fått den eina til bursdagen, mens mamma fekk den andre til påsken;)

Oppskrifta finn du gratis hjå sandnesgarn;)

Frokostmuffins med ost og squash

Detta skjer ikkje kvar dag, men i dag sneik eg meg opp ein halv time før typen og laga frokostmuffins med ost og squash:)


Oppskrifta finn du på bloggen til Marit Røttingsnes Westlie. Eg bytta ut litt av det fine mjølet med sammalen fin kveite, så blei det i alle fall litt grovare;) Framsynt som eg var hadde eg også raspa osten dagen før, så eg slapp å krangla med den på morgonkvisten...

Resultatet blei bra. Kan anbefalast;)

Det har faktisk vore ei helg med uvanlig mykje prøving av nye oppskrifter, isen frå fredag er delvis fortert og var god. Litt i overkant søt, kanskje, må sjå korleis eg kan modifisera det. Og i dag hadde me himalaga gnocchi til middag, meir om det ein annan dag;)



lørdag 6. april 2013

BUGG is back

På min handlerunde på Landåstorget for å få kondensert melk og fløyte, var eg også innom ICA. Der hadde dei jammen meg tatt inn BUGG!!



Kven skulle tru det? Med prisstigning på 500% frå sist eg såg den og tilbake i papirpakning.

Denne varianten var med banansmak og smaka (så vidt eg hugsar) likt som før. Knallhard å tygga på i starten, men den tok seg opp etter kvart.

Men er du redd for tennene dine, så styr unna. Det var stort sett sukker og maissirup som tok opp innhaldslista... Men det er vel ingen fare for at ein går og tygg bugg heile dagen (dersom ein ikkje har planar om å trena opp kjevane): smaken var gått ut lenge før eg var tilbake i leiligheten. Den første tyggisen enda sine dagar i eit bosspann i Landåslien, levetid, ca. 7 min.

Verdens raskaste is

Sidan det er helg fekk eg lyst til å laga dessert til søndag. På ein svensk blogg såg eg for litt sidan ei isoppskrift som visst nok skulle vera "världens godaste". Om den er det, veit eg ikkje sikkert før på søndag, men verdens raskaste må det i alle fall vera;)

Du tar:

5dl fløyte
Ein boks søt, kondensert melk (du får det på utanlandske matbutikkar, norsk vikingmelk er ikkje søt...)
Evt smakstilsetning. Eg brukte nesten ein pose knust smash.

Pisk kremen, bland smash i den kondenserte melka og vend dette forsiktig inn i kremen. Ha i boksar og frys i minst 6 timar. Ingen røring og ingen ismaskin.



Utenom frysetida trur eg ikkje eg brukte meir enn ti minutt frå eg begynte til isen låg i boks. Med oppvask. Farleg raskt. Og etter ein ørliten prøvesmak fann eg ut at det er farleg godt også;)


lørdag 16. mars 2013

Vest og hua

Ein god kollega skal ha små, og då passa det fint å laga ei lita hue og ein vest. Hua er frå "Myk Start" av May B. Langhelle medan vesten er ei gratis oppskrift som heiter Lille Livstykke frå Isager (rull nedover på sida). Garnet er det som før heitte Tvinni frå Isager. Litt same type garn som nøstebarn osv.


For dei som er interesserte anbefaler eg å ta ein kikk i e-boka Strik med nordisk tradition av Vibeke Lind. Gamle modellar, men kjekt å sjå likavel!! Eg hadde aldri høyrt om "brokadestrikk" før eg suste gjennom denne boka;)

søndag 3. mars 2013

Raud silkehua



For ei lita stund si vart det avmaska ei lita silkehua. Raud og urban vart den med på helgetur til London og gjorde nytte der;) Mønsteret heiter Excess er gratis på Ravelry. Garnet er Silkbloom Fine frå Malsen og mor.

Eg ville eigentleg ha hua litt lenger, men eg hadde berre eitt nøste og trudde det var for lite. Difor fulgte eg mønsteret etter punkt og prikke. Og så hadde eg sjølvsagt igjen nok garn til fleire rundar då eg var ferdig... :) Jaja, den passar som den er også!

søndag 17. februar 2013

USA

I mørket og kulden må det vera lov å drømma seg tilbake til sommaren! Eg skal endeleg legga ut litt bilder frå USA-turen me var på i sommar.

Me reiste mandag 9. juli. Det begynte ikkje spesielt bra, me vart forsinka frå Bergen og flyet mellom Oslo og New York for i frå oss. Så etter ein lang ettermiddag og natt på eit hotell på Gardermoen, fauk me via Stockholm og så til New York dagen etter.

Vel framme tok me inn på The New Yorker (og nei, eg får ikkje til å snu bildet... ):


Den første dagen slappa me helst av  fekk oss litt mat. Me var trøtte etter to lange dagar på farten. Men på onsdagen stod me tidlig opp og inntok frokost på Dunkin Doughnut. Deretter spaserte me opp forbi Times Square og vidare til hangarskipet Intrepid som me inspiserte både på avstand og frå innsida. Eit større stykke amerikansk krigshistorie blei konsumert og diverse kampfly studert.


Seinare på dagen tok me, eigentleg tilfeldig, ein tur opp i Empire State Building. Det var ikkje planen, men plutseleg såg me at det var lite kø. Då måtte me jo passa på!! Fantastisk utsikt! :)


Torsdag var det dags å utfolda seg litt fysisk. Me tok med oss frokost i neven som me konsumerte ved Pies 84 blant uteliggarar og morgonfrisk mosjonistar. Deretter leigte me syklar og meir eller mindre rant ned langs Hudson River til Battery Sea Park. Derifrå gjekk me gjennom meir trafikerte gater, blant anna forbi Ground Zero der det er full oppbygging av nye skyskraparar. Her er Bård Aslak like før me skal over Brooklyn Bridge. Opp til midten av brua var vel faktisk den tyngste delen av turen.


Tilbake til Pier 84 tok me ein hurtigbåt. Hugs at i Amerika er det ikkje nok å ha billett for å komma om bord. Den må du veksla inn i ombordstigningskort, elles kan du gløyma å vera med. For vår del var det tull med ombordstigningskortmaskinen, slik at dei ikkje fekk skriva ut til oss. Me fekk vera med på nåde mot at me registrerte oss når me gjekk i land... men det "gløymte" me visst...

Utsikt frå hurtigbåten mot nedre del av Manhattan.


Frihetsstatuen!!


Fredag 13. juli fylte Bård Aslak 30 år, og dagen hadde eg planlagt lenge. Me kjøpte med oss mat og tok subwayen ned til Battery Sea Park der me inntok frokost. Her fekk BA også presangen sin, ein tur i helikopter over Manhattan. Han var ganske nøgd med det;)


Inn mot nedre del av Manhattan. Litt disig i lufta. Hudson River til venstre.


Ellis Island. Her måtte alle immigrantane innom før dei fekk komma inn til fastlandet.


Me tok også ein tur nord i New York og fekk god oversikt:)

På lørdagen var me på Spionmuseum. Elles tok me det me ro. Om kvelden spaserte me High Line, ei nedlagt togrute som er gjort om til park. Her inntok me medbrakt pizza til kvelds. Eg syntest det var ein god ide, BA var litt skeptisk, og alle dei andre vandrarane synest tydeligvis det var eit interessant skue.


Før me forlet New York var me også på Gospel-buss-tur i Harlem. Eg har ingen gode bilete der i frå, men gudstjeneste i ei baptistisk kyrkje er verkeleg å anbefala. Der svinga det godt; galleriet gynga og plantene svaia når  X antall gamle, unge, små og STORE dansa seg gjennom kollekten. Høgtalarane til bandet som akkompagnerte koret måtte skiftast ut kvar tredje månad, det seier kanskje litt om lydnivået:)

Mandag 16. juli kryssa me kontinentet og landa i San Fransisco. Her skulle me møta Borghild, Åsmund, Stine og Tor Helge på tysdagen. Før dei kom, tok me oss ein tur i sentrum og handla kler. For det var faktisk kjølig i SF, og langbukse var nødvendig. Flaks at Levi Strauss heldt til San Fransisco og at det derfor var ein stooor Levisbutikk der:) Me fekk også sjå den berømte trikken:


Me fekk oss også ein tur med denne, men først seint på kvelden nokre dagar etterpå. Det var ein artig tur, der me mista motordrifta i eit kryss. Dermed kom det ein spesiallaga lastebil med trebukk framme og dytta oss i veg igjen... 

Tilbake til tysdagen; etter byturen tok me oss ein sykkeltur til Golden Gate Bridge. BA er klar for action:

Flott utsikt tilbake mot San Fransisco.


Onsdagen var me på bussightseeing og handla i sentrum. Cheesecake Factory kan anbefalast om nokon vil ha god mat og heftige kaker!

Torsdag tok me turen til Alcatraz, noko som er uunngåeleg når ein er i SF. 


Eg inspiserer cellene og har guide på øyrene:



Luftegården.


Fredag 20. juli leigte me bilar og snudde nasen sørover langs Scenic Route. Første etappe gjekk til Monterrey. Det var flott utsikt langs veien.


Dag to på reis hadde me kurs mot Pismo Beach. Denne dagen traff me på sjøløver!


Etter enda ei natt i Santa Barbara havna me til slutt i Los Angeles. Me budde i Hollywood på "Hollywood Celebrity Hotel". Kan anbefalast eigentleg om du skal til Los Angeles, relativt billig og OK:)



Bård Aslak leigte til sin store glede ein Chevrolet Camaro. Me hadde oss ein tur nedover mot San Diego i denne.


Sjølvsagt måtte me innom Santa Monica Beach. Me var berre ein snartur og gjekk tur til enden av piren. 


Mitch og Pamela var ikkje på vakt...


I Disneyland traff me denne blide karen. 


Siste stopp på reisa vår var i Las Vegas. Her var det i alle fall flotte, sære bygningar, alle slags løgne folk og mange spelemaskinar og einarma bandittar. Og endeleg var det varmt vêr igjen. Veldig varmt vêr! :)


30. juli sette me oss på flyet heimover igjen medan dei andre førebudde seg for å reisa til Minneapolis. Reisa vår var lang, men det gjekk eigentleg radig. To timar pause mellom flya er i knappaste laget når ein reiser i USA; det er store flyplassar som gjerne må kryssast og dei byrjar å ta om bord folk lenge før avgang. 

Viss nåken skal reisa til USA og vil ha litt praktiske reisetips, så er vår erfaring at det er lurt å møta opp tidleg til den første avgangen. Me fekk problem med at dei ikkje fann reservasjonen til Bård Aslak, og brukte litt tid på det. Litt sært, sidan mine billettar var der og me bestilte i lag. Men etter litt krangling ordna det seg. Amerikanerane er også meistrar på å overbooka fly, og på alle avgangane var det mellom 10 og 20 som havna på venteliste. Også derfor er det lurt å møta tidleg til første avgang, då blir du sjekka inn på alle dei neste flyreisene med ein gong. Ventelistene resulterte også i at flya fekk forsinka avgang. Familiar som vart splitta pga ventelistene, eller andre som ikkje hadde mulighet til å stå over flyet, prøvde å ordna seg plass om bord. Dette vart arrangert ved at flyselskapet lokka med penger, gratis overnatting på hotell og 1. klasse på neste fly for dei som var villige til å  stå over til neste fly.

Det var vår tur i USA. Kunne vist mange fleire bilder, men det får bli ein annan gong:)