søndag 27. november 2011

advent

Så var advent her! Det betyr fram med julastjernå:-) Nå er eg nett hima etter ei regn- og vindfull helg i Imsland! Planen var eigentleg julabord hjå statkraft, men med ein sjuk representant blei det sofaen i staden for! Men det blei ein liten tur til Sauda likevel på kafé og julamessa!
Eg skreiv tidlegare at eg skulle legga ut bilder frå Englandturen, men med ein mindre samarbeidsvillig data fann eg ut at det må venta litt:-)

tirsdag 15. november 2011

vinterdag

I dag er det det eg vil kalla ein vinterdag! Eg ser rim overalt, på tak, plenar, vegar og bilar. I tillegg er det bikkjekaldt! Både ute og inne, det siste truleg fordi radiatoren vår har vore steinkald sidan i går kveld og den ikkje vil la seg lufta... Eg byrjar å bli raud og kald på nasen og blå på fingrane faktisk. 16,6 grader ser eg på gradestokken nå, det er jo kaldt til å vera inne vil eg seia. Jaja, det blir å ta ein prat med vaktmesteren. Så får eg gå i gong med baking, det er ein effektiv måte å få opp temperaturen på;) Men aller først: trening på fitness...!

Eg vart for ei lita stund sidan ferdig med ein genser til ein ny liten type som kjem til verda i løpet av vinteren:

Mønsteret er Barndomsgenser, og det har eg henta hjå Pickles, ein veldig kjekk og inspirerande garnbutikk!! Hadde lyst til å kjøpa garn der også, men utolmodig som eg var etter å setja i gong, så reiste eg heller ut på Nøstebarn på Nesttun og kjøpte der...! Ikkje dumt val det heller;) Genseren er strikka i dobbelt garn og storleik 1 år. Synest eigentleg at den vart litt stiv når den vart strikka med to trådar, men den blir kanksje mjukare ved bruk? Får håpa det...!

Eg har hatt ein liten turné på symaskinen og sydd nokre små gåver óg. Her er ein som allereie er overrekt, tenkt som ei veske til ladarar når ein er på reis;)

Eg har ei slik sjølv, og synest det er superpraktisk! Har faktisk alltid ladarane mine i den sjølv når eg er heime, og då veit eg alltid kvar dei er! Ryddigare i skåpet blir det og, leidningar er jo generelt noko rotete herk:) Men sjølvsagt kan ei slik veske brukast til kva som helst for å samla småputtel! Mønsteret har eg funne på Lises Myke Pakker.

Elles har me nett vore i Manchester og London, eg skal komma tilbake med bilete derifrå etter kvart:)