torsdag 27. januar 2011

snurrar

I dag klikka eg og lagde ein til porsjon med kjeks!! :) Men eg blir alltid skeptisk når eg lagar kjeks, det er jo så mykje smør og sukker i dei, ikkje akkurat det sunnaste her på jord:) Men nå held dei seg lenge, og me må jo ikkje eta alle på ein gong, trøstar eg meg med! Uansett, dei inneheld ikkje transfett i motsetning til kjøpekjeks, og det er positivt!

Her er i alle fall resultatet:


Bland raskt saman 200 g mjuk margarin, 1 1/2 dl sukker, 4 dl mjøl, 1 1/2 ts vaniljesukker, 1-2 eggeplommer og evt vatn for å få rett konsistens. Del deigen i to og ha 2 ss kakao i den eine halvdelen. Kjevla ut to leivar, ca. 22x35cm. Eg brukar å kjevla dei ut på plastfolie for å lettare kunna handtera og flytta dei. Legg leivane oppå kvarandre, kvevla dei litt saman og rull til ein tett rull. La rullen ligga ei stund i kjøleskapet før du deler den opp i ca. 30 snurrar og legg på plate. Klem skivene litt utover. Steik på 175 grader i ca. 10 minutt, tørk dei gjerne etterpå ved 100 grader. Eg snudde dei også på plata når eg tørka dei sidan eg synest dei såg fuktige ut under... Nå kan BA bare komma!

onsdag 26. januar 2011

peanøttkjeks

I mårå har typen og eg vore i lag i seks år, og det er ikkje verst!
For å gjera litt stas på han, har eg førebudd meg på morgondagen med å laga peanøttkjeks!
Desse laga me av og til heime når eg var "liten", og dei er farleg gode:)

Ingrediensene står klare til å blandast saman. Du smuldrar 125 g margarin i 5 dl mjøl. Bland inn 1 dl hakka peanøtter, 3 ss korinter eller hakka rosiner, 1 dl sukker, 1/2 ts bakepulver og eitt egg. Bland saman. Treng du meir væske, ha oppi litt vatn (eller litt meir egg). Rull til tre pølser og trykk dei flate på ei bakeplate, slik:

Steik på 200 grader i 15 minutt før du deler remsene på skrå.
Deretter slår du ned temperaturen i ovnen til 100 grader og tørkar kjeksa ei stund.

Til slutt serverer du:) Eg hugsar kjeksa som noko brunare,
men det har nok å gjera med kva ovn som er brukt.

ny blogg

Eg prøver meg på ei ny blogg! Bloggen min på hobbyboden vart hacka i haust, og den er ennå ikkje reparert. Utolmodig som er eg, så bestemte eg meg til slutt for å laga ein ny. Eg har faktisk tenkt på det før også, då det er få moglegheiter for å personalisera og endra utsjånaden på bloggen på hobbyboden. Er ikkje heilt nøgd med korleis denne bloggen ser ut heller ennå, men det skal komma seg etter kvart! :) Men eg håpar at den gamle bloggen kjem opp og gå igjen, slik at ein kan sjå gamle innlegg.