lørdag 31. desember 2011

GODT NYTT ÅR!

og takk for det gamle til alle våre slektningar og venner!
Me feirar i Bergen samen med ein flott amaryllis som har overlevd jula:-)

onsdag 28. desember 2011

julateppe

i siste liten før jul blei et julateppe ferdig. Så reiste me til Imsland/Sauda:-) men me får kosa med det utøve januar! Stoffet er i linkvalitet og er frå stoff og stil.
Elles nyt me julå me god mat og godt lag:-)

lørdag 24. desember 2011

onsdag 7. desember 2011

Heimelaga smør

I desse julatider manglar det smør i butikken, og det passar meg dårlig når eg skal til med julakaker og kanskje lefser...
Derfor ville eg prøva å laga smør sjølv, for på radioen vart det sagt at det er lett! Og som sagt så gjort! Det tok berre 10- 15 minutt.
Eg var litt bekymra for vispen min, men det gjekk godt. Men eg let ikkje maskinen gå lenge etter at kjernemelka begynte å skilla seg ut, det tok eigentleg ganske kort tid. Men det kan kanskje vera ein ide å bruka kraftigare eltekrok når det byrjar å tjukna. Berre for sikkerhetsskuld:-)
Fire fløyteboksar gav ein god halvkilo! Og oppskrift på ordentligmat.no :)

søndag 27. november 2011

advent

Så var advent her! Det betyr fram med julastjernå:-) Nå er eg nett hima etter ei regn- og vindfull helg i Imsland! Planen var eigentleg julabord hjå statkraft, men med ein sjuk representant blei det sofaen i staden for! Men det blei ein liten tur til Sauda likevel på kafé og julamessa!
Eg skreiv tidlegare at eg skulle legga ut bilder frå Englandturen, men med ein mindre samarbeidsvillig data fann eg ut at det må venta litt:-)

tirsdag 15. november 2011

vinterdag

I dag er det det eg vil kalla ein vinterdag! Eg ser rim overalt, på tak, plenar, vegar og bilar. I tillegg er det bikkjekaldt! Både ute og inne, det siste truleg fordi radiatoren vår har vore steinkald sidan i går kveld og den ikkje vil la seg lufta... Eg byrjar å bli raud og kald på nasen og blå på fingrane faktisk. 16,6 grader ser eg på gradestokken nå, det er jo kaldt til å vera inne vil eg seia. Jaja, det blir å ta ein prat med vaktmesteren. Så får eg gå i gong med baking, det er ein effektiv måte å få opp temperaturen på;) Men aller først: trening på fitness...!

Eg vart for ei lita stund sidan ferdig med ein genser til ein ny liten type som kjem til verda i løpet av vinteren:

Mønsteret er Barndomsgenser, og det har eg henta hjå Pickles, ein veldig kjekk og inspirerande garnbutikk!! Hadde lyst til å kjøpa garn der også, men utolmodig som eg var etter å setja i gong, så reiste eg heller ut på Nøstebarn på Nesttun og kjøpte der...! Ikkje dumt val det heller;) Genseren er strikka i dobbelt garn og storleik 1 år. Synest eigentleg at den vart litt stiv når den vart strikka med to trådar, men den blir kanksje mjukare ved bruk? Får håpa det...!

Eg har hatt ein liten turné på symaskinen og sydd nokre små gåver óg. Her er ein som allereie er overrekt, tenkt som ei veske til ladarar når ein er på reis;)

Eg har ei slik sjølv, og synest det er superpraktisk! Har faktisk alltid ladarane mine i den sjølv når eg er heime, og då veit eg alltid kvar dei er! Ryddigare i skåpet blir det og, leidningar er jo generelt noko rotete herk:) Men sjølvsagt kan ei slik veske brukast til kva som helst for å samla småputtel! Mønsteret har eg funne på Lises Myke Pakker.

Elles har me nett vore i Manchester og London, eg skal komma tilbake med bilete derifrå etter kvart:)

fredag 28. oktober 2011

eplepai

På ein heilt vanlig fredag fekk eg lyst på kaka, og med ein kasse hardangereple som begynne å bli litt skrukkete, passa det bra med eplepai:-) I oppskriftsboka mi fann eg Linda si oppskrift og den blei atter ein gong suksess!! Eple med kanel i botn og havregrynmasse på toppen, nam! Me mangla is, men ut i frå appetitten til min betre halvdel, så såg det ikkje ut til at det gjorde noko;-)

torsdag 13. oktober 2011

vest og sokkar

Ein stk vest med sokkar til ein liten tass som snart er to veker:-)
Mønsteret er frå Drops, strikka i bånsullgarn, størrelse 0-3 månadar. Nå må eg berre få det sendt i posten:-)

lørdag 8. oktober 2011

eplemos

For ei tid sidan kom BA him frå Hardanger med eit lass med eple; gravenstein, raud aroma og aroma. Nå synest eg gravensteinepla begynte å bli litt vel modne, så då fekk eg ein ide om å laga eplemos:-) Og sidan BA er på Skarfoss i helga, så får slike idear leva fritt og utfolda seg;-D
Eg brukte 1,6 kilo eple som eg skrella, renska og skar i bitar. Kokte og rørte dei med 1,5 dl vatn til det vart ein fin mos med små bitar. Då hadde eg oppi 1,5-2 dl sukker og nesten ein pose blå jam, kokte og rørte i 10 minutt til før eg helte mosen på varme glas! Nam nam:-)
Nå skal eg på trening og så ut i det fina Bergensveret og gå tur! :-)

onsdag 28. september 2011

ballar

Eg har ein liten kjenning som nett vart 1 år, og då passa det godt å laga nokre mjuke leiker :-) Desse ballane er gode å kneppa og tygga på i tillegg til kjekke å kasta på! Og så er det ein fin måte for meg å bli kvitt litt restegarn! ;-D
Har brukt Drops Merino Extra Fine og noko Bånsull 3-tråd til desse ballane. Mønsteret er frå boka Itty-bitty toys av Susan B. Anderson.

fredag 23. september 2011

sommarteppe

Så var også sommarteppet ferdig, kanskje litt for seint for lange seinsommarkveldar på balkongen? :-) Det tar alltid litt tid før eg får somla meg til å sy igjen lukkekanten.
Det blomstrete stoffet er frå stoff og stil, kjøpte det for eit og eit halvt år sidan for å laga forskjellig til balkongen. Nå har me to puter og eit teppe, kanskje eg har litt stoff igjen til ein duk?
Dei einsfarga stoffa er frå panduro.

søndag 18. september 2011

kommode

Me fiksar og ordnar i gangen! Det vil seia me etterisolerer og tettar ytterveggen og så skal me få inn ein skyvedørsgarderobe og eit lite fryseskap. Derfor må den gode gamle kommoden min flyttast inn i stova, og då trengte den ei oppskeining!!

Før:
 Etter:

Litt maling og nye knaggar gjorde seg veldig!! Trur kanskje eg må supplera med endå eit par strøk på toppen og på sidene før eg er heilt nøgd, men nå får den stå til vurdering ei lita stund først:)

onsdag 14. september 2011

blomsterteppe

Nå er teppet med blomsterruter ferdig! :-)

Mønsteret heiter Something Pretty, eg fann det på internett hjå Mille makes!

mandag 5. september 2011

gøy på landet


I kveld og dei tre neste dagane er det klart for "Gøy på landet" frå Imsland og Vikedal på TVNorge! Eg vil påstå at det er verdt å få me seg:-)

Bildet er frå TVNorge sine nettsider.

PS: Det blei tur i går, i opphaldsver, nesten til toppen av Veten i Åsane!

søndag 4. september 2011

kom deg ut..!


I dag er kom-deg-ut-dagen i Bergen og me har tenkt oss på tur.

Men veret spelar ikkje heilt på lag:-)

fredag 2. september 2011

brødbakst


Surdeigen virka!

Me går helga i møte med grove brød med eple og valneter! :-)

onsdag 31. august 2011

surdeig


Eg har sett i gong surdeigar som står og boblar på benken.

Kanskje blir det nåken gode brød etter kvart? Me får sjå til helgå :-)

tirsdag 23. august 2011

resteteppe

Her ein dag kom eg over ein blogg som hadde ein lur måte å bli kvitt restegarn på, nemleg å laga ei gigantisk bestemorrute ! :-) Eg har jo framleis ein del garn etter teppet med bestemorruter som eg laga i haust, sjølv om det også eigentleg var eit resteteppe ;-P
Så nå har eg samla saman alle passelige ulltrådar og heklar opp eitt og eitt nøste. Så får eg supplera med restenøste etter framtidige prosjekt etterkvart til teppet er brukande stort! Nå har eg i alle fall eit prosjekt som blir til nytte i staden for ei røys med taustumpar!
Fargekombinasjonane blir vel så som så, men så blir det jo også eit teppe som det heiter; eit resteteppe. Dessuten kan me bruka det over dyna om vinteren, på soverommet har me uansett augene igjen mesteparten av tida;-P

lørdag 20. august 2011

something pretty

Eg må vel innrømma at eg er litt hekta på lappar og tepper, både i stoff og tråd ;-) I vår kom eg over eit koseleg teppe som heiter Something Pretty på bloggen millemakes.wordpress.com.
Fristelsen vart for stor, og eg putla meg ned i byen og handla nåke blått Sandnes Smart. Det viste seg å vera eit fint sommararbeid som var lett å ha med seg både på biltur og hyttetur :-) Nå manglar eg berre nokre få ruter før eg kan montera heile teppet!

torsdag 18. august 2011

citronpaj med hallonmaräng

sitronpaien vart ikkje like stor suksess, den såg i alle fall ikkje like lekker ut som i boka:-) marengsen vart heller aldri stiv, og sjølv om det vel var mykje sukker i paien, så klarte dei ni sitronene i lemoncurden å dominera smaksbiletet ganske bra:-) jaja, me prøve ei anna oppskrift neste gong! ;-P

lavendeldrömmar

Førebuing til strikkekveld er begynt. I dag skal kjøpet av Leyla Lindholms bakebok A piece of cake forsvarast, og lavendeldrömmane er først ut :-)

onsdag 10. august 2011

farmor si krydderkaka

I går hadde eg ein kikk i oppskriftbokå mi, og der kom eg øve den gode gamla krydderkakå som farmor laga før :-) Som sett, så bakt, men me droppa kremen, det var trass alt kvardag;-P Kanskje eg legg ut oppskriftå ein dag, men nå er me utan data, og avansert blogging er litt klure frå mobilen:-)

mandag 8. august 2011

sommar på glas

I dag var det tilbod på bringebær på meny, og då fekk me (eller eg) eit innfall om å laga syltetøy! Me har jo ikkje laga jordbærsyltetøy i år, så det kan vera kjekt å ha noko bringebærsyltetøy på lur;) Så fem korger for i handlekorgå og itte litt rens og røring:

var me fem flotte sommar-på-glas rikare:)  
(og endå litt fryseboks-plass fattigare... )
Trudde det berre skulle bli to-tre glas, så dette var strålande!

I dag var første dag på jobben, og det var som vanlig hardt å komma seg på jobb. Ikkje fordi det er fælt der, tvert i mot, men det er jo alltid litt vemodig når ferien er over... Men sjølv om ferien er over, så er jo ikkje sommaren over for det, me er jo berre så vidt begynt på august :D

Så ha ein framleis fin SOMMAR! Om ikkje veret slår til nå heller,
så har i alle fall me sikra oss litt sommar i frysen! ;)

torsdag 4. august 2011

avloing

Teppene til hytta er ferdige og er hengt til avloing på snora! Ei etterlengta ferieveke med sol og varme har gitt mange fine kveldar på altanen og dermed god tid til å sy igjen lukkekanten;)




fredag 29. juli 2011

sol!

Endeleg kom det ein soldag! Rett nok litt grå frå starten, men yr hadde lova oss godver, så Elin og eg tok turen til Skarfoss for å sjå korleis det går med hyttebygginga.

Elin med utsikt tilbake mot Breikvam/Sauda:
Utsikt mot Skarfoss, ein anelse lysare i veret:)

Til slutt var det klår himmel og sol, og me fekk oss til og med eit bad i Krokavatnet!! Det første badet i sommar, og det på 900 meters høgde ;oP



Eg har putla litt med handarbeid i sommar, tok med eit par lappetepper him som eg har tenkt til hytta. Her har eg lagt ut det eine for å montera vatt og bakstykke. Deretter har eg klipt rundt kanten etter at eg har festa alt saman.


(nå når eg lastar opp bileta seg eg faktisk at eg har gjort ein feil...
men eg seier ikkje kva, sjå om de også ser det;) Eg trur ikkje eg rettar det opp;-P )

Eg kjøpte vatt på internett, og henta ein pakke på storleik med ein siloball i Vikedal (men me fekk den inn i Yarisen!! ). Men vatten eg fekk i posten var likevel ikkje heilt slik eg hadde sett den for meg: For det første var den veldig tjukk, slik at det var veldig tung og balen å jobba med. Elin var så grei å hjelpa meg å retta den ut og dra i det etterkvart som eg sydde slik at det ikkje hopa seg opp. Teppene vart sjåande meir ut som tynne sommardyner enn lappetepper;)  Men men, det kan vera kaldt på fjellet, så det går vel godt!

Vatten loa også noko så forferdeleg, så eg prøvde å få gjort mest mogleg ute. Likevel såg det ut som me hadde klippt sauer i heile huset etter eg var ferdig med å sy på lukkekantane, så det var jammen godt mamma og pappa var på ferie;oD Nå må eg berre få lukka kanten med handsaum, det tek litt tid...! :)

onsdag 20. juli 2011

ferie

Så vart det endelig sommarferie, om enn i ein regntung variant:) Ferien vart innvia med utdrikningslag for Kjersti, noko som var veldig kjekt og festlig! Me henta henne på jobb på Energihotellet og drog rett til Suldalsosen for å rapellera frå Kariåsen til Lunde:

Hege i svevet!

Luftig og fint! :)

Etterpå gjekk turen til Jøsenfjorden for paintball, rebusar og grillings! God stemning!!

Nokre dagar etterpå reiste BA og eg på ein liten ferietur på jakt etter sola. Me tenkte at det sikraste var å komma seg sør-/austover og tok første transportetappen til Langesund for å komma oss over fjellet. Deretter heldt me oss nokre dagar i Vestfold (Larvik - Sandefjord - Tønsberg) før me tok siste dagen i Kragerø - Skien. Då hadde me til saman hatt to fine soldagar, og innsåg at dei neste dagane skulle det vera regn i heile Sør-Noreg. Så me kunne likevel vera heime og gjera noko fornuftig:) Så då putla me oss heim igjen! Mykje fint fekk me likevel sjå i løpet av turen, her har me vore på Mølen ved Helgero/Nevlunghavn og sett på geologiske avsetningar frå den siste istida (ingeniørferie).
Me fekk også prøvd det nye campingteltet som BA fekk til bursdagen, veldig flott og romsleg! :)

Me var også og såg på residensen til Sven Foyn, ein kvalfangar som heldt til i Sandefjord. Han hadde eit digert murhus langt oppe i åsane i Sandefjord med flotte parkanlegg. Skulle gjerne vist bilete derifrå, men me var der litt seint om kvelden, så kvaliteten var litt ymse. På veg heim gjennom Vinje i Telemark stoppa me på Mjonøy og og kjøpte eldhusbakte boller og brød; NAM! Anbefales! Me sprang frå regndropar så store som klinkekuler og inn i eit ørlite, varmt og godt eldhus der det låg fullt av boller og brød i ulike variantar langs veggene Neste som å komma til himmelen for søtmonsar som oss ;oD Bare å plukka det me ville ha og så betala i bua ved sida av.

Dagen me reiste på ferie fekk eg også ein gladmelding på telefonen. Eg hadde først fått vita at eg måtte venta minst eit halvt år til før eg fekk sertifikatet igjen, og hadde slått meg til ro med det. Men så ringte dei plutseleg frå Bergen og sa at dei hadde nistudert synsprøvane mine og at eg faktisk såg akkurat godt nok til å få kjøra likevel:) Så i går var eg og mine to gode søsken i Haugesund på handel (med assistanse frå Geir):

 
Yaris Sol 2009

Veldig flott!

Og eg er veldig nøgd!

Men den må få stå nokre veker i garasjen før eg har lappen i lomma og kan ta den ut på den store bilveien;) Føreløpig blir den testa på gardsveien!

torsdag 30. juni 2011

status

Det tikkar inn bilete frå Skarfoss til min mobil i Bergen. Det har vore eit ruskever denne veka, men jammen har dei ikkje jobba! Hytta byrjar å få både kledning og kassar!


Heldigvis er det kort veg til utedoen ;-P

Nå er hytta snart tett, då er ein milepæl nådd! Eg gler meg til å ta ferie og ta turen opp og sjå "på skikkelig" :) Men først gler eg meg til at BA kjem heim til Bergen i helga etter to veker på fjellet ;-)

torsdag 23. juni 2011

framgong

Nå er vindfanget og sutaket på plass. Det er også laga nokre utsparingar for vindauge!!


tirsdag 21. juni 2011

oppdatering frå fjellet

Då me reiste frå Skarfoss forrige helg såg det nokolunde slik ut:


Endå fleire av søylene til hytta var ferdige, berre eit par gjenstod. I går kom tømrarane på plass, og etter avslutta arbeidsdag var ramme og golvbjelkar lagt:


I kveld kom endå ein rapport og nå er alle veggar, sperrer og vindplater på tre vegger på plass, samt golvbjelkelag for vindfanget:


Huj kor det går! :D Oppdatering følgjer;)

torsdag 16. juni 2011

tøyvesker

Sjølv om det ikkje er svere sommaren ute, kan me jo godt la det blomstra litt inne;) Kunne ikkje gå frå desse fine peonene på Sletten i går når det hølja ute!

Etter ei fjellhelg med hyttebygging fann eg det nødvendig med eit par tøyposar til uthuset på Skarfoss. Når ein skal samla nødvendige ting og tang til X antal personar inne på 15 kvadrat, kan det vera kjekt å ha nokre posar lett tilgjengeleg på veggene. Og himalagte tøyposar er jo litt finare enn plastposar frå Obs og Kiwi! ;) Nå har me ein pose til lageret av lys og fyrstikker og ei til lageret med såper, tannkremar etc!


Eg laga dei i blomstrete stoff med fuglar som ytterstoff og turkis fôr. Oppe er posane lukka med løpegang og skosnorer. I sida er det sydd inn glidelåsar for at ein lett kan henta ut noko utan å løfta posane ned frå veggen. Syns det var eit genialt trekk, men me får sjå kor nyttig det blir:) Glidelåsane er sydd i posane etter inspirasjon frå bloggen Lises myke pakker. Der er det ei fin oppskrift på sminkepung med fôr der ein syr i glidelås. I tillegg er det mykje anna knask:)