søndag 20. januar 2013

Smak av sommar

Etter at eg nettopp har klaga på at eg ikkje kan strikka, skal eg også visa noko som er maska av pinnane denne veka... Men til mitt forsvar har eg vore superforkjølt og heime frå jobb to dagar, og i avslappande bli-frisk-modus på sofaen resten av veka. Då må ein jo få tida til å gå på eit vis, når ein ikkje er heilt opplagt til lesing heller;) 

Så armert med nasespray, halsdrops, kleenex, antibac og varm drikka har eg sete i under dyna i sofaen og sett på Elin sin samle-dvd av sex og singelliv og strikka.

Resultatet er ei sommargul Immie-T-skjorte frå Quince & co


Denne har eg hatt lyst til å laga lenge. Garnet er Inca Alpakka frå Rauma, eg brukte nesten eitt nøste til størrelse 6-9 mnd. Nå skal den ligga i korga til ein framtidig mottakar;)

Mens eg skreiv dette innlegget fekk eg også eit sjarmerande besøk på balkongen:

Han kunne nok tenkt seg å komma inn i denne kulden. Men nei takk! :)


søndag 13. januar 2013

Blendebygg og gammalt strikk

Det er ikkje Soria Moria, men den nye høgskulen i Bergen. Aluminiumsdrakten er påmontert, men det spørs om planen var å blenda halve byen i den låge vintersola...!? :) Fascinerande å sjå på, var det i alle fall!

Elles har det blitt forferdelig lite strikking dei siste månadane, på grunn av ein trøblete betennelse i albogen. Kjedeligt altså. Men her er det sista som kom av pinnane før armen takka for seg; ein tevarmar! 


Mønster og garn er frå Stoff og stil. Litt hardt og lite elastisk garn å strikka med, men til slike dilleting går det greit! Og teen held seg varm og god;)

Elles kan eg jo visa eit lite utvalg av dei påbegynte/halvferdige prosjekta i strikkekorga. Bård Aslak fekk seg ein fin, halvstrikka genser til jul: Farmengenseren frå Rauma. Nå ventar me på betre dagar slik at den kan bli ferdig:)


Elles har me ein avslappande dag i Bergen. Begge to har jobba litt, så nå skal me slappa av resten av kvelden med kanskje film og kortspel. Det har vore voldsomt fint ver ute, men kaldt, så me held oss inne sidan begge både var på tur i går og småbryggar på forkjølelse...

søndag 6. januar 2013

Ei krukka med glede!


Tilbake på jobb etter jul stod det ei lita nyttårshelsing å venta på meg på pulten, ei koselig krukka med te! "Å så kjekt", tenkte eg, og sette den i hylla, meir klar for å få på datamaskinen og jobba meg gjennom alle e-postane i innboksen... Ut på dagen tok eg ein nærmare kikk, og dette var jammen ikkje "berre" ei krukka med te!!! 

Her var det skrive små dikt på ALLE teposelappane! OJOJOJ, for eit arbeid! Janne er vel snill og ei oppkomma av idear!! :)

Sidan det står "sove-te" på krukka tok eg den med heim, kan ikkje ha slikt på jobb;) Men eg kan vel ikkje drikka opp så fine teposar heller?? Hmm...

tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år!

Og takk for det gamle! :)

Eg levde i villfarelsen at eg hadde sendt fleire innlegg frå mobilen før jul, men eg fann til slutt ut at desse ikkje var blitt publisert. Nå har eg prøvd å finna ut kvifor, utan å bli klokare:) jaja, eg får blogga frå PC framover, dette blir ein test på om det framleis fungerer..!

Me snakkes snart;)