søndag 29. januar 2012

gulrotkaka:-)

sidan typen og eg ganske nøyaktig har vore i lag i 7 år i desse tider, måtte han nesten bli hedra med ei kaka! ;-) og det blei gulrotkaka, og den var som vanlig for slike kaker, veldig god!!
oppskrifta fann eg på nett for ei tid si, men hugsar ikkje kvar lenger... Men eit søk på google gjer susen:-D

lørdag 28. januar 2012

vårrullar

med besøk frå Stavanger er det i dag himalagte vårrullar på menyen:-) det har eg aldri laga før, men Elin var dreven!
Me hadde kål, gulrøtter, løk, mais og kjøtdeig i:-) men nytt var at me steikte rullane i litt mykje olja i ei steikepanna i staden for å koka i ei gryta, litt tryggare kanskje;-)

onsdag 11. januar 2012

Ut med julå!

Lysa er nedbrent og engelen spelar sure tonar, så nå ryk jula ut i Strimmelen 20:-)
Nytt år gir nye muligheter, og det eg trudde skulle bli ein rolig vinter forandra seg i løpet av ei lita veke på jobb. Den neste månaden skal eg både på kurs i Oslo og jobboppdrag først i Stavanger og så på Svalbard! Så det er berre å legga seg på lading til det brakar laus:-)

tirsdag 3. januar 2012

brød

Nytt år og julakakene er bytt ut med grovbrød:) Her er det havrebrød frå boka Brød og baketradisjoner av Gudrun Ulltveit som er prøvd. Kjekk bok som eg lånte på biblioteket!
Eg prøvde også denne gongen å ha i Vikingmelk som del av deigveska. I følge reklamen er Vikingmelk vidundermiddelet på kjøkkenet frå 1900-talet som er gått i gløymeboka. Det skal visst blant anna gi saftigare bakst... Om det stemmer er litt uvisst, men brødet smaka nå bra:-)
Men eg ser potensialet i å bruka Vikingmelk i kaffi og mat når me er på Skarfoss over fleire dagar: meir konsentrert enn melk og dermed mindre å bera opp, samt god haldbarhet, i alle fall uåpna. Eit prosjekt å testa ut til våren elle sommaren:-)