onsdag 24. oktober 2012

Dagens tips!

I dag kom eg over denne kjekke sida: matildeskår.no.

Denne dama frå Jæren lagar både fine strikkemønster og syltetøy. Sjekk ut linkane nedover i margen til venstre;-)

Når nåken kan laga eit syltetøy i veka i (nesten) eitt år, må vel eg klara å laga den årlige eplemosen snart? Eg har ein som meiner det luktar Hardanger på gjesterommet nå... :-)

lørdag 22. september 2012

Bratislava og strikk

Som de gjerne forståd i forrige postar har eg altså vore i Slovakia sin hovedstad Bratislava. Me har ein årleg tur med alle som jobbar i divisjon Vest i Sweco, dvs Bergen, Stavanger, Førde og Svalbard, men eg har ikkje vore med sidan det første året eg jobba der. Då var me i Brussel. Turen går til byar i Europa som ein vanlegvis ikkje reiser til når ein reiser på helgaturar, og det er veldig kjekt. 

I år var me faktisk 203 personar på tur, og det gjekk veldig bra! Litt mange blir det jo, det kan henda du ikkje ser kollegar som du veit er med, før den siste dagen. Men alt opplegget gjekk relativt knirkefritt.

Det var godt å komma seg vekk frå den kalde, sure hausten i Bergen, og til litt varmare temperaturar. Det låg vel på 20-25 grader der nede. Og Bratislava er definitivt ein by eg anbefaler å reisa til dersom ein vil ha ein avslappande ferie. Gamlebyen er veldig fin med godt vedlikehaldne bygningar. Det var ingen bilar der, og heller ikkje spesielt mykje folk, så det var veldig fredelig. 

Utanfor gamlebyen er det derimot ikkje så koselig, der dominerer store betongkolossar av boligblokker frå kommunisttida. Guidane våre la ikkje skjul på at dei var glade for at den tida var forbi. Til saman bur det ca. 460 000 innbyggarar i Bratislava, dei første innbyggarane slo seg ned i dette området i steinalderen. Det er den største byen i Slovakia. Bratislava ligg ved breddene til Donau og du kan ta elvebåt til Wien som det berre er 6 mil til. 

Her er eit bilde med utsikt over gamlebyen:

Gamlebyen. Tårnet i enden fungerte som vakttårn i gamle dagar. Dersom fiendane kom seg innanfor porten, vart dei skotne frå tårnet. 

Utsikt opp mot den gamle borga/slottet. Borga er først nevnt som forsvarsverk i skrifter frå 8-900-talet, først under regjeringstida til keiserinne Maria Teresia av Østerrike vart den omgjort til eit slott. Tida Maria Teresia styrte var ei storhetstid i området, ho var ganske populær. På midten av 1900-talet, då slottet låg i ruinar, vart det restaurert tilbake til slik det var under Maria Teresia. Slottet ligg eigentleg flott og fritt til på ein høgde over byen, men eg kom meg aldri i posisjon til å ta eit skikkeleg bilete.

Det er ein del artig gatekunst i Bratislava. 

Etter ein trivelig lørdagskveld med støyande, lokal musikk, tok me ein elvebåttur på Donau på søndagen. Her er me framme ved Devin Slott litt utanfor byen der me fekk servert grillmat og slappa av. På den andre sida av elva er Østerrike.

Her levde me i mellomalderen nokre timar. Som nevnt i forrige post, var maten ikkje noko å skryta av. Eg brukar ikkje å vera så kresen, men ei bakt potet og eit tørrt rundstykke tok eg med meg i magen her i frå. Dei kalde salatane og leverposteiane av ymse slag var godt besøkt av veps og flåger, mens det kokte kjøtet smaka harskt. Men me fekk fin middelaldermusikk med blant anna blokkfløyter og fiolin, ganske slik som dei spelar i Askepottfilmen. Dei hadde like kler også. Me kosa oss i sola. Og den slovakiske vinen var god.

Eit tårn på slottet. Her var det ein gong ei ung dama som tok sjølvmord ved å hoppa. Eg fekk ikkje med meg heile historien, men familien hennas hadde nett drepe han som ho var forlova med, så ho var litt fortvila for det. Det var harde tider den gongen.

Trine nyt utsikta frå slottet. Me ser langt innover i Østerrike. 

På mandagen var det faglige ekskursjonar, og eg var med på å sjå på restaurering av bygningar. Først vart me tekne med i Filharmonien i Bratislava. Der var det veldig fint: kvite vegger med gullkantar, flotte gipsdekorasjonar og lysakruner. Restaureringa kosta ca 30 millionar euro og var delvis sponsa av Norge gjennom eit EØS-program. Me skulle helsa hjerteleg heim og seia til alle me møtte at dei var veldig glade for bladgullet dei hadde fått råd til  på grunn av den norske donasjonen. Det var så lite, svara me høfleg.


Utsikt frå kontoret. Her låg det framme notehefter av Grieg og Salmesnuttar frå Luster. Tilfeldig? :) 

Det filharmoniske orkesteret i Bratislava dreiv og spelte inn lydopptak medan me var der. Dei spela ein song spesielt for oss. Det var veldig flott.

Me fekk også ein omvisning på Bratislava Slott. 

Slottet skal etter kvart brukast som museum, men me fekk komma inn i dei delene som "vanlige" folk ikkje får komma inn i sidan romma vert brukt til offisiell representasjon. Her var det også mykje bladgull: 

Elles hadde me ein strikkekveld på fredag, då vart eg ferdig med denne halsen. Mønsteret heiter Grace Jones hals og er frå Pickles. Garnet er også derifrå. Den blir god å ha til vinteren.

Eg har også endeleg blokka ei teppe/sjal som eg laga i vår. Mønsteret har gått  som ein farsott i strikkeverden, og sjølv om eg ikkje hadde noko spesielt formål med det, så måtte eg berre laga det:) Det heiter Marys Royale Svøb og mønsteret finn du på Familiejournalen. Det er strikka i silkeull frå Nøstebarn, og først lagar ein firkanten i midten. Deretter strikkar ein dei breie blondene ut i frå firkanten i fire omgangar. Tilslutt strikkar ein opp blonda rundt heile sjalet. Ganske kjekt å laga, men vart litt lei av blonda på slutten...  Eg lurer på om eg skal ha det sjølv, for eksempel når det er kaldt når eg går med bunaden... Me får sjå! 
Dersom du vil laga ein litt annan variant, ligg også denne oppskrifta ute frå 123knit.com.


søndag 16. september 2012

Bratislava

sommardag på eit gammalt slott utanfor byen med (dårlig) grillmat og fin askepottmusikk! :-)

fredag 14. september 2012

Haust

Skikkelig haustver i Bergen...! Men jobben skal på tur til Bratislava, så kanskje det blir betre der? :-)

onsdag 12. september 2012

Test av ipad-app

I dag prøver eg ein ny app slik at eg kan blogga frå Ipaden, forhåpentligvis betre enn å bruka mobilen:-)

Eg har ingen bilder eller nytt å visa nå, men viss de vil sjå noko fint, gå her Brooklyn Tweed og sjå den nye haustkolleksjonen hand!! Mykje fint å laga her, kva med Wellwood? Eller Gelsamina? Eg klør i fingrane, men har dessverre for få hender;-)

tirsdag 11. september 2012

Minisett

Nå er eg ferdig med eit lite sett til ei litå jenta som heiter Tori Elida. Ein vest med mønster frå Familiejournalen og to huer frå Myk start- boka til May B. Langhelle. Garnet er frå nøstebarn, nokre rosa og brune rester;)

søndag 2. september 2012

Fruit and berry-salad

I dag blei bringebærsirupen brukt i den fantastiske salaten! Her er oppskrift slik me fekk den i USA (2 stk):
- salat, gjerne spinat eller annan bladsalat
- to steikte kyllingfiletar i bitar
- ein halv pakke steikt bacon i bitar
- ei halv blokk fetaost
- ein neve rosiner
- ein neve tranebær
- ein neve hakka rista eller kandiserte valnøtter
- ca 10- 15 bringebær
- ca 10- 15 jordbær
- to små pærer
- bringebærvinagrette av bringebærsirup, valnøttolje, salt og pepar
Skikkelig sommarsalat, og litt luksus! i alle fall nå når det ikkje er billige norske bær lenger. Men det må ikkje vera bringebærsirup i vinagretten, eg har laga den med annan sirup, og ein kan sikkert bruka honning. Ein kan bytta ut mykje og likevel blir salaten god. I dag hadde eg eple i staden for pærer, fordi pærene i butikken var overmodne, og då likar eg dei ikkje. Fetaosten var visst mugla, så då blei det klattar med philadelfia i staden for. Og så blei det spekeskinka i staden for bacon, sidan eg hadde det opna i kjøleskapet. Og så hadde eg berre "vanlig" isbergsalat. Godt blei det likevel:-) Elles har det vore ei fredelig helg for meg. BA har vore på hyttå og installert pipe og ovn, eg har slappa av, gjort husarbeid, trent og sydd opp gardiner til hyttå. Det siste var ikkje spesielt kjekt, egentlig berre eit plunder som det er godt å vera ferdig med! :) Men nå er det film og håndarbeid i sofaen resten av kvelden:-)


torsdag 30. august 2012

Bringebærsirup

I Amerika fekk me servert ein god fruit and berry-salad, med blant anna jordbær, bringebær, pærer, nøtter, ost, kylling og bringebærvinagrette. Det ville eg laga hima og, og vel heime såg eg at Mat på bordet hadde oppskrift på bringebærsirup!! Då var det berre å laga den:-) Så nå kan me eta fruit and berry-salad som om me var i USA:-)
Oppskrift på sirup finn de hjå Mat på bordet, oppskrift på salat skal de få av meg seinare:-) sirupen skal visstnok også vera god på is;-)

tirsdag 28. august 2012

Bloggtørke

Det blei ikkje meir blogging frå USA, det viste seg at telefonen min ikkje likte å senda mms i det store utland. Men men, me hadde ein fin tur, bilder kjem når BA tar dei med frå Sauda:-)

Nå kan eg og visa ein kjole eg har strikka til ei lita jente som vart født i sommar! Mønster og garn er frå Pickles, og kjolen er i patentstrikk, noko som vaks seint. Men mjuk og varmt blei det. :-)

mandag 9. juli 2012

Dag 1: Stuck på Gardermoen

Hit, men ikkje lenger... På grunn av tekniske problem vart flyet vårt veldig forseinka frå Bergen, og me landa ganske nøyaktig når flyet vidare til USA gjekk. Og dei hadde ikkje tid til å venta på åtte passasjerar frå Bergen. Kanskje det var like greit for dei at me kom for seint, dei var tross alt "overbooka så det haldt" som ein av SAS sine funksjonerar sa i Bergen.

Jaja, me fekk nytt fly i morgon tidleg, via Stockholm. Så det var eitt skritt fram og to tilbake på vår første reisedag!

På Gardermoen har det regna heile dagen, og me var ikkje så gira på å reisa til Oslo. Så det vart lesing på hotellrommet og gratis lunsj, middag og snacks frå minibaren :-)

fredag 6. juli 2012

Ferie :-)

endelig er det ferie! me har begynt på oppladinga til den o store turen til USA :-) nå må me berre ordna nokre små ting, så ber det i veg på mandag! :-)

søndag 17. juni 2012

Syvêr

Med BA på Skarfoss i helgå, kan eg slå meg laus, og symaskinen har fått stått framme i fleire dagar:) Det passa eigentleg godt med litt regn, slik at eg kunne gjera litt innandørs sysler som eg har tenkt på lenge.
Så nå er me snart klare for å USA-tur med posar til sokkar og underkler i bagasjen.:



Ingenting er vel så irriterande som små ting som forsvinn i den store kofferten! Nå får me alt samla. Eg har laga fem slike posar, i to typar stoff. Ballongstoffet er til BA, det var det mest maskuline eg hadde for hånd... ;-P Mønsteret fann eg på Pink Penguin sin blogg. Her er det mange fine mønster!

Det vart ein liten pose til munnspelet mitt også. Til når eg ikkje gidd å frakta det i boksen. Må berre få på plass ei snor, så er den klar til bruk;)



Eg har også sydd ferdig ein liten sommarkjole, men eg vil sy på nokre knappar før eg viser den fram...! 

Og nå er eg ferdig med å sy, så då kan regnet godt gi seg igjen... :)

lørdag 16. juni 2012

Ojsann...

litt travelt på jobb, og plutselig var karsen gløymt... Jaja, me får bruka helgå på å ta oss igjen, viss ikkje løpet er kjørt for min grønne venn:)
I dag vakna eg til regn for første gong på lenge. Eg håpar det er forbigåande!

tirsdag 12. juni 2012

Spelt og valnøtter

Eg har laga mitt første no-knead-bread! I eldfast form med folie over. Og det gjekk bra! Brødet var godt, med spelt og valnøtter. Det var einaste litt flatt, kanskje fordi forma var så stor? Neste gong prøver eg dobbel deig! :-)

Oppskrifta fann eg på bloggen Mat på bordet.

søndag 3. juni 2012

Fiskelukke

Me skulle akkurat gi opp, så blei det fisk! Lykke i Øygarden! :-)

No-knead-baguett

Eg har endelig prøvd no-knead-metoden som eg har lese om lenge på diverse matbloggar! Ikkje for brød, for eg har ikkje jerngryte, men baguettar!
Oppskrifta fann eg her på bloggen "Marias salt og søtt".

Eg rørte deigen saman i går kveld og baka ut til frokost i dag. Einaste minus var av eg måtte opp ein tur og snu deigen klokka halv sju, men den som er forveten på noko nytt, tåler slikt;-)

Den einaste forskjellen eg gjorde frå oppskrifta var av eg hadde bakesteinen min i botnen av ovnen og ei langpanne med vatn over før baguettane. Det er ikkje nødvendig, men då simulerer ein meir situasjonen ein har når ein bakar slike brød i jerngryte. Visstnok. Dampen gjer at ein får fin skorpa..!

Jaja, Bård Aslak lika det godt i alle fall:-)

Og nå vil eg snart prøva meg på eit brød, tenkte eg kunne prøva med ei eldfast form med folie over..! :-) De kan lesa meir om kva som er bra med No-knead-metoden hjå Matentusiasten her.

torsdag 31. mai 2012

karse

Det spirer og gror! Eg har planta ny ladning karse, den forrige tok kveld då me gløymte å ta den med på tur i pinsen... Desse luringane ska jo ha vatn kvar dag, så ein må følga med!
Men så er det jo så godt på skjevå;-)

mandag 7. mai 2012

Hals i alpakka

Eg ligg ikkje heilt på latsida på handarbeidsfronten heller, denne halsen har faktisk vore ferdig sidan påskeferien nå!




Mønsteret er frå Garnstudio og heiter Buttercream, ein veldig fin hals! Eg hadde noko Drops alpakkagarn i grønt liggande frå eg studerte i Trondheim faktisk, og fann ut at dette kunne vera eit fint prosjekt! Og slik vart det! Det einaste var at mønsteret forsvinn litt synest eg, når det er farga garn i forhold til kvitt. Og så er alpakka litt mjukt garn, slik at det er litt vanskelig å få ferdig hals til å henga fint. Kanten oppe har ein tendens til å vrenga seg utover på vranga... Men med litt manipulering går det greit:)

Nå er det jo snart sommar, men med slike hagl-snø-regnbyger og temperaturar som me har nå, ser det ut til at det kan vera bruk for vinterplagg ei stund til...

tirsdag 1. mai 2012

Fjell- og jobbehelg!

Så er det slutt på ei flott langhelg! På fira dagar i Imsland/Sauda har me kost oss både på fjellet og i låglandet! Superhelga byrja allereie tidleg i veka med Ung i Sweco-samling i Trondheim! Sosialt og trønderfest på onsdag og fagleg påfyll på torsdag! Fredag reiste me sørover med ein koselig pause på Stord! Skulle gjerne stoppa lenger, men me får gjerne fleire sjansar utover i mai?!? :)

På lørdag var mamma og eg på Stølen, eg hugsar ikkje heilt kva tid eg var der sist. Lang tid brukte me, men fram kom me:)

Søndag og mandag var me på Skarfoss. Etter to dagar med kapping, paneling og lakking har me nå fått skrudd opp ei stk familiekøya i det eine soverommet!!! Det er me veldig nøgde med! Mykje gjenstår, og bilder skal de få sjå, men akkurat nå ligg dei igjen i Sauda på eit anna kamera...

1. mai var ikkje dagen for å gå i tog, men med strålande solskinn tok me på oss nåken stygge kler og var med på å mala huset i Rønnevik. Plutselig hadde me komt langt berre på ein dag!

Gjengen er klar for aksjon:

Her er ein som er henvist til opsakassane:

Fargen skal bli mørkegrå med kvite kantar.

Slike helger tar på, og beina mine må ligga høgt eit par dagar nå kjenne eg! Men det var det verdt denne gongen.

lørdag 21. april 2012

Loppefunn

Sist helg var Irene og eg på to loppemarked og ei bruktmesse! Då kom eg over den fjonge sukkerfrøkna til høgre, og ho passa perfekt i lag med herr salt og fru pepar som eg hadde frå før :-) alle er frå Figgjo.
Elles var loppemarknadane ganske stress å vera på, med fullt av folk som presste seg fram på alle kantar! ikkje heilt vår stil, men løye var det jo også:-) og det var mykje skrot egentlig, det synest i alle fall eg... men det er jo utrulig ka folk ser seg mon i! For eksempel den merkelige sukkerdåsen som eg raska med meg;-)

søndag 15. april 2012

Ulriken

God start på dagen med formiddagstur til Ulriken. Eg var heller ikkje den einaste som tenkte det i dag, det var kø i løypene!
Den første, men forhåpentligvis ikkje siste, turen i år!

fredag 6. april 2012

Påskesol

Solå kom fram igjen og me for ein liten tur til Tysseland. Me gjekk ikkje langt, men langt nok til å fortjena boller og kakao:-)

mandag 2. april 2012

Boller:-)

Nå er me klare for ein ny dag på Skarfoss! I dag var det sol og fint, men kaldt! Eg spadde og laga til grillplass med mur rundt, brukte sikkert ein time på det. Men så hadde me gløymt både pølser, påskeappelsiner og boller... I mårå blir alt. mykje betre:-)

Bollene er laga av oppskrift frå Fru Timian. Dei blir visstnok ekstra godt heva sidan ein smuldrar mjukt smør i mjølet i staden for å smelta det, eg har brukt denne metoden fleire gonger. Deigen er også god å jobba med. I tillegg eksperimenterte eg denne gongen med å koka opp melka og kjøla den ned etterpå for å få ekstra luftige boller. I følge Kjøkkentjeneste er det protein i melk som gjer at gjæren ikkje vil heva skikkeleg. Desse proteima blir ødelagde når melka blir kokt opp. Eg brukte altså både mjukt smør og kokt melk, men eg såg etterpå at det ikkje var vanleg å gjera begge deler... :)

søndag 25. mars 2012

Move your ass and your mind will follow

las eg i BT i dag! Forskning viser at fysisk aktivitet er sunt for sinn og sjel. Og det trur eg så gjerne. Det viktigaste, trur eg, er heller ikkje nødvendigvis å gå lengst, brattast og høgast, men at ein i det heile teke kjem seg ut ein tur. Sjølv om ein kan verka knirken og knaken i kroppen, trøtt og uggen, så blir det gjerne betre bare ein kjem seg ut døra og går bittelitt. Og så må ein heller ikkje ta det som eit nederlag når ein kjenner seg som ein verdsmeister heime i stova, men som ein potetsekk når ein har gått eit lite stykke. Då innser me (eg) at det høgverdige målet må jekkast ned eit par hakk og me snur og tutle oss ein liten omveg heim i staden for. Dette jobbar eg med å tenka at er heilt greit, og på denne måten vart Rundemannen jekka ned til Fjellhytten på vår ekspedisjon på Fløyen i går. I dag hadde me store planar om Ulriken, men skyene hang lågt heile dagen. Då dei endeleg letta, nedgraderte me oss til ein tur over Natlandsfjellet. Me var i alle fall i aktivitet, og det var godt å komma inn igjen! :) 

Nå er det middagslaging, is på balkongen og Miss Marple på dvd på menyen resten av kvelden. I dag skal me ha One pot wonder frå Mat på bordet. Det ser i alle fall lovande ut, så får me komma tilbake til om det smakar godt også. Me koker det på plate heile tida i staden for i ovnen. Me har ikkje gryter som kan stå i ovnen.

I dag er det også Vaffel-dagen. Me trudde jo det var i går, så me laga oss grove lunsj-vafler med ost og skinka då me kom heim frå tur:

Prinsippet med skinke og ost var godt, men sjølve vaffeloppskrifta var ikkje så god. Det blei litt for tydelig natron-/bakepulversmak for min del, så neste gong går eg tilbake til farmor si gode, gamle oppskrift. Denne varianten fann eg på nett, eg skal ikkje seia kvar... :) Det var Elin som midt i prosessen ringte og informerte oss om at Vaffel-dagen er i dag. Difor venta eg i alle fall med å publisera bileta til i dag, haha:)

lørdag 24. mars 2012

Vårdag!

Eg trur det blir ein fin dag! Helg, sol og vår i Bergen, kan det bli bedre? Må berre bli kvitt dette kvita loket først, så får me komma oss ut på tur!!

onsdag 14. mars 2012

Vinterblomar

Endeleg vart vettene med vinterblomar ferdige:) Det gjekk veldig mykje seinare med den andre votten enn med den første! Eg var slett ikkje inspirert lenger, og i tillegg har det vore litt travelt dei siste vekene, med BREEAM-eksamen og reising i jobben. Mønsteret var veldig fint, men det var litt å følga med på sidan det ikkje var symmetrisk. På den andre votten måtte eg difor også lesa motsett veg på diagrammet enn eg er van med, så det gjekk litt seint, ja! Men dei skal bli kjekke å bruka, kanskje det blir bruk for dei i påska! :) Mønsteret er funne på Ravelry. Det heiter Vinterblomster, og er laga av Heidi Mork.

torsdag 1. mars 2012

I helga var me på Skarfoss og bygde på hytta! BA, Reidar og ein tømrar hadde vore der eit par gonger til i veka før, men på lørdag var også eg og Marianne med! Slik såg det ut då BA og dei var der på tysdagen:


Og slik såg det ut når me kom opp på lørdag:


LITT meir snø:) Men heldigvis var det blese ganske reint framfor inngangen til sjølve hytta, slik at det gjekk an å komma inn utan store problem! Det var verre med uthuset, det var heilt vekke, sjå biletet over. Det skulle vore bak scooteren:)


Inne er ikkje hytta like ferdig, her er eg i gong med isolering av vegger! Elles fekk me panelt og lista ein del.


Me fekk også tid til ein scootertur på vatnet, skrytebilde:


Men det er jo sjølvsagt finast utsikt tilbake utan svære maskiner i vegen... Ser du hytta? :)


Eg er også ferdig med to grytekluar. Eg byrja på dei for lenge sidan for eg ville prøva Anne på landet si oppskrift. Men så havna dei i ein uinspirerande krok heilt til Elin annonserte at ho trengte gryteklutar. Så versågod, her er dei:)