søndag 14. april 2013

ELIN 25 ÅR

Gratulera med dagen:)

I dag har me hatt besøk av ein jubilant, og ho hadde bestilt langpanne - sjokoladekaka!



Eg fekk endeleg brukt ei oppskrift eg reiv ut av ... sikkert familien... for fleire år sidan. Det er visst ikkje kvar dag det står sjokoladekaka på bordet her;)

Oppskrifta var voldsomt enkel;
Bland 500g mjøl, 900g (!) sukker, 3ss kakao, 1ts bakepulver, 1ts vaniljesukker og 2ts natron. Hell i 1liter skumma kultur og ha oppi ei langpanne. Steik i 25-30minutt ved 200grader på midterste rille.

Kok opp 1dl kremfløyte. Brekk opp og rør inn 200g kokesjokolade. Rør til glasuren er blank. Del kaka i to, smør fyll på den eine delen, legg over den andre delen og ha resten av fyllet på toppen. 

Kaka var saftig og god, og bursdagsbarnet var nøgd;) Ho fekk også servert ei  rykande fersk, grå, lodden vinhøne, den rakk eg ikkje å ta bilete av før den flaksa til Stavanger;)

GRATULERA OGSÅ TIL HEGE SOM HAR BURSDAG I DAG!!! :-D

søndag 7. april 2013

Vinhøner

Strikkepinnane har ikkje lege heilt utbrukte i det siste heller, før påske drog eg saman to vinhøner. På biletet er ei "strame og fin", den andra "slakke og sid", ref vinhønedikt under:

Når høno di 
e' strame og fin,
Så e' da fordi 
ho e' fudle tå vin.

Men kva ein skal velja
e' vanskeleg å sei:
Høno så fin,
Eller glaset med vin?

Når høno di 
e' slakke og sid,
då e' da på tide 
å fylla meir i.

Skaff deg ny ladning,
og putt den på plass:
Høno vert fin,
og alle får vin.

Stein Haldorsen


Marianne har fått den eina til bursdagen, mens mamma fekk den andre til påsken;)

Oppskrifta finn du gratis hjå sandnesgarn;)

Frokostmuffins med ost og squash

Detta skjer ikkje kvar dag, men i dag sneik eg meg opp ein halv time før typen og laga frokostmuffins med ost og squash:)


Oppskrifta finn du på bloggen til Marit Røttingsnes Westlie. Eg bytta ut litt av det fine mjølet med sammalen fin kveite, så blei det i alle fall litt grovare;) Framsynt som eg var hadde eg også raspa osten dagen før, så eg slapp å krangla med den på morgonkvisten...

Resultatet blei bra. Kan anbefalast;)

Det har faktisk vore ei helg med uvanlig mykje prøving av nye oppskrifter, isen frå fredag er delvis fortert og var god. Litt i overkant søt, kanskje, må sjå korleis eg kan modifisera det. Og i dag hadde me himalaga gnocchi til middag, meir om det ein annan dag;)



lørdag 6. april 2013

BUGG is back

På min handlerunde på Landåstorget for å få kondensert melk og fløyte, var eg også innom ICA. Der hadde dei jammen meg tatt inn BUGG!!



Kven skulle tru det? Med prisstigning på 500% frå sist eg såg den og tilbake i papirpakning.

Denne varianten var med banansmak og smaka (så vidt eg hugsar) likt som før. Knallhard å tygga på i starten, men den tok seg opp etter kvart.

Men er du redd for tennene dine, så styr unna. Det var stort sett sukker og maissirup som tok opp innhaldslista... Men det er vel ingen fare for at ein går og tygg bugg heile dagen (dersom ein ikkje har planar om å trena opp kjevane): smaken var gått ut lenge før eg var tilbake i leiligheten. Den første tyggisen enda sine dagar i eit bosspann i Landåslien, levetid, ca. 7 min.

Verdens raskaste is

Sidan det er helg fekk eg lyst til å laga dessert til søndag. På ein svensk blogg såg eg for litt sidan ei isoppskrift som visst nok skulle vera "världens godaste". Om den er det, veit eg ikkje sikkert før på søndag, men verdens raskaste må det i alle fall vera;)

Du tar:

5dl fløyte
Ein boks søt, kondensert melk (du får det på utanlandske matbutikkar, norsk vikingmelk er ikkje søt...)
Evt smakstilsetning. Eg brukte nesten ein pose knust smash.

Pisk kremen, bland smash i den kondenserte melka og vend dette forsiktig inn i kremen. Ha i boksar og frys i minst 6 timar. Ingen røring og ingen ismaskin.



Utenom frysetida trur eg ikkje eg brukte meir enn ti minutt frå eg begynte til isen låg i boks. Med oppvask. Farleg raskt. Og etter ein ørliten prøvesmak fann eg ut at det er farleg godt også;)