lørdag 6. april 2013

Verdens raskaste is

Sidan det er helg fekk eg lyst til å laga dessert til søndag. På ein svensk blogg såg eg for litt sidan ei isoppskrift som visst nok skulle vera "världens godaste". Om den er det, veit eg ikkje sikkert før på søndag, men verdens raskaste må det i alle fall vera;)

Du tar:

5dl fløyte
Ein boks søt, kondensert melk (du får det på utanlandske matbutikkar, norsk vikingmelk er ikkje søt...)
Evt smakstilsetning. Eg brukte nesten ein pose knust smash.

Pisk kremen, bland smash i den kondenserte melka og vend dette forsiktig inn i kremen. Ha i boksar og frys i minst 6 timar. Ingen røring og ingen ismaskin.



Utenom frysetida trur eg ikkje eg brukte meir enn ti minutt frå eg begynte til isen låg i boks. Med oppvask. Farleg raskt. Og etter ein ørliten prøvesmak fann eg ut at det er farleg godt også;)


2 kommentarer: