torsdag 30. juni 2011

status

Det tikkar inn bilete frå Skarfoss til min mobil i Bergen. Det har vore eit ruskever denne veka, men jammen har dei ikkje jobba! Hytta byrjar å få både kledning og kassar!


Heldigvis er det kort veg til utedoen ;-P

Nå er hytta snart tett, då er ein milepæl nådd! Eg gler meg til å ta ferie og ta turen opp og sjå "på skikkelig" :) Men først gler eg meg til at BA kjem heim til Bergen i helga etter to veker på fjellet ;-)

torsdag 23. juni 2011

framgong

Nå er vindfanget og sutaket på plass. Det er også laga nokre utsparingar for vindauge!!


tirsdag 21. juni 2011

oppdatering frå fjellet

Då me reiste frå Skarfoss forrige helg såg det nokolunde slik ut:


Endå fleire av søylene til hytta var ferdige, berre eit par gjenstod. I går kom tømrarane på plass, og etter avslutta arbeidsdag var ramme og golvbjelkar lagt:


I kveld kom endå ein rapport og nå er alle veggar, sperrer og vindplater på tre vegger på plass, samt golvbjelkelag for vindfanget:


Huj kor det går! :D Oppdatering følgjer;)

torsdag 16. juni 2011

tøyvesker

Sjølv om det ikkje er svere sommaren ute, kan me jo godt la det blomstra litt inne;) Kunne ikkje gå frå desse fine peonene på Sletten i går når det hølja ute!

Etter ei fjellhelg med hyttebygging fann eg det nødvendig med eit par tøyposar til uthuset på Skarfoss. Når ein skal samla nødvendige ting og tang til X antal personar inne på 15 kvadrat, kan det vera kjekt å ha nokre posar lett tilgjengeleg på veggene. Og himalagte tøyposar er jo litt finare enn plastposar frå Obs og Kiwi! ;) Nå har me ein pose til lageret av lys og fyrstikker og ei til lageret med såper, tannkremar etc!


Eg laga dei i blomstrete stoff med fuglar som ytterstoff og turkis fôr. Oppe er posane lukka med løpegang og skosnorer. I sida er det sydd inn glidelåsar for at ein lett kan henta ut noko utan å løfta posane ned frå veggen. Syns det var eit genialt trekk, men me får sjå kor nyttig det blir:) Glidelåsane er sydd i posane etter inspirasjon frå bloggen Lises myke pakker. Der er det ei fin oppskrift på sminkepung med fôr der ein syr i glidelås. I tillegg er det mykje anna knask:)

tirsdag 7. juni 2011

sofaputer

Vips så hadde me fått fire sommarslege puter i sofaen, og dei grå, triste vinterputene ligg langt inne i skapet! Eg plundrar framleis ein del når eg skal sy rundt glidelåsane, det blir ikkje heilt beint... men på den siste puta vart det ikkje så verst...! :) Elles er stoffet av typen som lett nuppar og trådar dras lett ut, spesielt det grøne stoffet... Men eg tenker dei hell ei stund i alle fall! :D

søndag 5. juni 2011

sol og sommar!

Endelig kom sola og varmen til Bergen! I dag kan eg skryta av at eg har vore på Ulriken, det var ikkje verst for ein vesal skrott! Brukte rett nok to og ein halv time,  og tok bane og buss him igjen, men eg klarte i alle fall å kreka meg opp:) Så nå er den fysiske testen bestått og eg kan med all sannsynlighet vera med på hyttebygging på Skarfoss neste helg! :D

Elles skulle eg eigentleg lest til eksamen i passivhus denne helga, men eg måtte for ei tid sidan innsjå at min fysiske kapasitet ikkje var god nok til å gjennomføra eit heilt fag. Så dermed kasta eg inn handkle, og den siste tida har eg brukt på å ta meg igjen og somla meg tilbake til min (for tida) normale tilstand som inneber litt jobb, trening og generelt lite stress og travelhet:) Positivt er at eg også fekk overskot til å laga litt ting igjen, og eg har avslutta eit teppe som eg skal ha på balkongen. Det er rett som det er oppletta og fint å vera ute på balkongen, men det bles så mykje der! Derfor har eg laga eit teppe som kan brukast både når det bles og når kveldane generelt er litt kjølige.


Frå montering av vatt og bakstykke

Blå lukkekant er på plass og teppet er ferdig og klart til bruk på balkongen!!


Var ikkje heilt nøgd med komposisjonen av stoffa undervegs, men det vart ikkje så gale når eg fekk laga til kantane rundt. Fann ut at eg fekk kalla det eit ingeniør-teppe; det er generelt lite kreativt og derimot symmetrisk og regelmessig i mønsteret med striper  i ekemplarisk rekkefølge. På den andre sida; sommarsleg og blått:) Stoffa er frå Stoff og stil. Der var eg også ein tur på fredag med Inger Marie, så det neste prosjektet blir puter i friske fargar til sofaen!