onsdag 31. august 2011

surdeig


Eg har sett i gong surdeigar som står og boblar på benken.

Kanskje blir det nåken gode brød etter kvart? Me får sjå til helgå :-)

tirsdag 23. august 2011

resteteppe

Her ein dag kom eg over ein blogg som hadde ein lur måte å bli kvitt restegarn på, nemleg å laga ei gigantisk bestemorrute ! :-) Eg har jo framleis ein del garn etter teppet med bestemorruter som eg laga i haust, sjølv om det også eigentleg var eit resteteppe ;-P
Så nå har eg samla saman alle passelige ulltrådar og heklar opp eitt og eitt nøste. Så får eg supplera med restenøste etter framtidige prosjekt etterkvart til teppet er brukande stort! Nå har eg i alle fall eit prosjekt som blir til nytte i staden for ei røys med taustumpar!
Fargekombinasjonane blir vel så som så, men så blir det jo også eit teppe som det heiter; eit resteteppe. Dessuten kan me bruka det over dyna om vinteren, på soverommet har me uansett augene igjen mesteparten av tida;-P

lørdag 20. august 2011

something pretty

Eg må vel innrømma at eg er litt hekta på lappar og tepper, både i stoff og tråd ;-) I vår kom eg over eit koseleg teppe som heiter Something Pretty på bloggen millemakes.wordpress.com.
Fristelsen vart for stor, og eg putla meg ned i byen og handla nåke blått Sandnes Smart. Det viste seg å vera eit fint sommararbeid som var lett å ha med seg både på biltur og hyttetur :-) Nå manglar eg berre nokre få ruter før eg kan montera heile teppet!

torsdag 18. august 2011

citronpaj med hallonmaräng

sitronpaien vart ikkje like stor suksess, den såg i alle fall ikkje like lekker ut som i boka:-) marengsen vart heller aldri stiv, og sjølv om det vel var mykje sukker i paien, så klarte dei ni sitronene i lemoncurden å dominera smaksbiletet ganske bra:-) jaja, me prøve ei anna oppskrift neste gong! ;-P

lavendeldrömmar

Førebuing til strikkekveld er begynt. I dag skal kjøpet av Leyla Lindholms bakebok A piece of cake forsvarast, og lavendeldrömmane er først ut :-)

onsdag 10. august 2011

farmor si krydderkaka

I går hadde eg ein kikk i oppskriftbokå mi, og der kom eg øve den gode gamla krydderkakå som farmor laga før :-) Som sett, så bakt, men me droppa kremen, det var trass alt kvardag;-P Kanskje eg legg ut oppskriftå ein dag, men nå er me utan data, og avansert blogging er litt klure frå mobilen:-)

mandag 8. august 2011

sommar på glas

I dag var det tilbod på bringebær på meny, og då fekk me (eller eg) eit innfall om å laga syltetøy! Me har jo ikkje laga jordbærsyltetøy i år, så det kan vera kjekt å ha noko bringebærsyltetøy på lur;) Så fem korger for i handlekorgå og itte litt rens og røring:

var me fem flotte sommar-på-glas rikare:)  
(og endå litt fryseboks-plass fattigare... )
Trudde det berre skulle bli to-tre glas, så dette var strålande!

I dag var første dag på jobben, og det var som vanlig hardt å komma seg på jobb. Ikkje fordi det er fælt der, tvert i mot, men det er jo alltid litt vemodig når ferien er over... Men sjølv om ferien er over, så er jo ikkje sommaren over for det, me er jo berre så vidt begynt på august :D

Så ha ein framleis fin SOMMAR! Om ikkje veret slår til nå heller,
så har i alle fall me sikra oss litt sommar i frysen! ;)

torsdag 4. august 2011

avloing

Teppene til hytta er ferdige og er hengt til avloing på snora! Ei etterlengta ferieveke med sol og varme har gitt mange fine kveldar på altanen og dermed god tid til å sy igjen lukkekanten;)