fredag 29. juli 2011

sol!

Endeleg kom det ein soldag! Rett nok litt grå frå starten, men yr hadde lova oss godver, så Elin og eg tok turen til Skarfoss for å sjå korleis det går med hyttebygginga.

Elin med utsikt tilbake mot Breikvam/Sauda:
Utsikt mot Skarfoss, ein anelse lysare i veret:)

Til slutt var det klår himmel og sol, og me fekk oss til og med eit bad i Krokavatnet!! Det første badet i sommar, og det på 900 meters høgde ;oP



Eg har putla litt med handarbeid i sommar, tok med eit par lappetepper him som eg har tenkt til hytta. Her har eg lagt ut det eine for å montera vatt og bakstykke. Deretter har eg klipt rundt kanten etter at eg har festa alt saman.


(nå når eg lastar opp bileta seg eg faktisk at eg har gjort ein feil...
men eg seier ikkje kva, sjå om de også ser det;) Eg trur ikkje eg rettar det opp;-P )

Eg kjøpte vatt på internett, og henta ein pakke på storleik med ein siloball i Vikedal (men me fekk den inn i Yarisen!! ). Men vatten eg fekk i posten var likevel ikkje heilt slik eg hadde sett den for meg: For det første var den veldig tjukk, slik at det var veldig tung og balen å jobba med. Elin var så grei å hjelpa meg å retta den ut og dra i det etterkvart som eg sydde slik at det ikkje hopa seg opp. Teppene vart sjåande meir ut som tynne sommardyner enn lappetepper;)  Men men, det kan vera kaldt på fjellet, så det går vel godt!

Vatten loa også noko så forferdeleg, så eg prøvde å få gjort mest mogleg ute. Likevel såg det ut som me hadde klippt sauer i heile huset etter eg var ferdig med å sy på lukkekantane, så det var jammen godt mamma og pappa var på ferie;oD Nå må eg berre få lukka kanten med handsaum, det tek litt tid...! :)

onsdag 20. juli 2011

ferie

Så vart det endelig sommarferie, om enn i ein regntung variant:) Ferien vart innvia med utdrikningslag for Kjersti, noko som var veldig kjekt og festlig! Me henta henne på jobb på Energihotellet og drog rett til Suldalsosen for å rapellera frå Kariåsen til Lunde:

Hege i svevet!

Luftig og fint! :)

Etterpå gjekk turen til Jøsenfjorden for paintball, rebusar og grillings! God stemning!!

Nokre dagar etterpå reiste BA og eg på ein liten ferietur på jakt etter sola. Me tenkte at det sikraste var å komma seg sør-/austover og tok første transportetappen til Langesund for å komma oss over fjellet. Deretter heldt me oss nokre dagar i Vestfold (Larvik - Sandefjord - Tønsberg) før me tok siste dagen i Kragerø - Skien. Då hadde me til saman hatt to fine soldagar, og innsåg at dei neste dagane skulle det vera regn i heile Sør-Noreg. Så me kunne likevel vera heime og gjera noko fornuftig:) Så då putla me oss heim igjen! Mykje fint fekk me likevel sjå i løpet av turen, her har me vore på Mølen ved Helgero/Nevlunghavn og sett på geologiske avsetningar frå den siste istida (ingeniørferie).
Me fekk også prøvd det nye campingteltet som BA fekk til bursdagen, veldig flott og romsleg! :)

Me var også og såg på residensen til Sven Foyn, ein kvalfangar som heldt til i Sandefjord. Han hadde eit digert murhus langt oppe i åsane i Sandefjord med flotte parkanlegg. Skulle gjerne vist bilete derifrå, men me var der litt seint om kvelden, så kvaliteten var litt ymse. På veg heim gjennom Vinje i Telemark stoppa me på Mjonøy og og kjøpte eldhusbakte boller og brød; NAM! Anbefales! Me sprang frå regndropar så store som klinkekuler og inn i eit ørlite, varmt og godt eldhus der det låg fullt av boller og brød i ulike variantar langs veggene Neste som å komma til himmelen for søtmonsar som oss ;oD Bare å plukka det me ville ha og så betala i bua ved sida av.

Dagen me reiste på ferie fekk eg også ein gladmelding på telefonen. Eg hadde først fått vita at eg måtte venta minst eit halvt år til før eg fekk sertifikatet igjen, og hadde slått meg til ro med det. Men så ringte dei plutseleg frå Bergen og sa at dei hadde nistudert synsprøvane mine og at eg faktisk såg akkurat godt nok til å få kjøra likevel:) Så i går var eg og mine to gode søsken i Haugesund på handel (med assistanse frå Geir):

 
Yaris Sol 2009

Veldig flott!

Og eg er veldig nøgd!

Men den må få stå nokre veker i garasjen før eg har lappen i lomma og kan ta den ut på den store bilveien;) Føreløpig blir den testa på gardsveien!