søndag 19. februar 2012

mullagatawny og vinterblomar

suppefantomet slo til igjen på fredag, også denne gongen med ei suppa frå coop-bladet. Denne fredagen var det Mulligatawnysuppa som var på menyen.

Eg innbilte meg av ein eller annan merkelig grunn at mulligatawnysuppa var ei slags kjøttsuppa frå Storbritannia, men det viste seg at den var indisk, og i dette tilfellet var oppskrifta også vegetarisk. Men etter nokre søk på nett fann eg fleire mulligatawnyoppskrifter. Det viser seg at det er vanleg med eple også i den, i tillegg til enten kylling-, lam- eller oksekjøt. Så då spedde eg på med eit eple og kyllingfilet i små bitar. Resultatet var ei suppe som likna veldig på indisk lammegryte på smak. Det smakte faktisk så bra at restene vart fortært i dag til søndagsmiddag:)

Eg har også begynt å strikka nokre vetter i mønsterstrikk. Etter litt surfing på Ravelry i forrige veke, fann eg MANGE vetteoppskrifter eg vil prøva!! Først ut er Vinterblomster, eit gratismønster laga av Heidi Mork.

Oppskrifta foreslo Rauma finullgarn, det passa bra for det var det eg hadde kjøpt inn til eit uspesifisert votteprosjekt tidligare i vinter! ;) Kuløren går i kvitt, gult og grått. Det var tilrådd med pinne 2,5 mm og eg sette i gong med det. Og det låg an til å bli nokre ENORME vetter... Litt snurt rekte eg opp igjen og la opp på nytt med pinnar 2 mm, som for øvrig er så tynne at dei trugar med å knekka berre eg ser på dei!! Nå fekk vettene ein meir normal storleik, men dei er framleis store... Og eg har i tillegg strikka så stramt at eg har muskelknutar i skuldrene :-D Så eg trur det blir ein runde i vaskemaskinen og forsiktig toving før dei er heilt ferdige, ja...! :) Eg kunne jo eigentleg strikka dei i størrelse ENORM i utgangspunktet og tova dei hardt, men det kom eg ikkje på før eg var komt ganske langt med dei tynne pinnane...

Det har vore ei fredelig helg! BA sette kursen sørover i går ettermiddag for å gjera ein innsats med hyttebygging, eg blei igjen med BREEAM-eksamenlesinga mi, trening og diverse dill og dall på tidsplanen:)

tirsdag 14. februar 2012

sjal

eg er ikkje heilt av strikkinga sjølv om det kan virka slik på bloggen:-) Her er eit sjal eg har strikka i rettstrikk av sokkegarn someg kjøpte på Coatbutikken i Bergen før den vart lagt ned før jul. Det var forresten synd, eg hadde nett "oppdaga" butikken og alt det fine sokkegarnet dei hadde..! Jaja, eg fekk raska til meg litt før dei lukka dørene;-P
Garnet skiftar farge sjølv, praktisk! Det går i beige- og bruntonar.
Eg byrja med sju masker og la til fire masker som kast på kvar omgang, ei to masker frå kvar side og ei på kvar side av midtmaska. Veldig lett og fint TV-strikk! Så avslutta eg med ein liten dusk i kvar tupp:-) Sjalet vart så stort som det kunne bli med eitt 100gr nøste!

lørdag 11. februar 2012

minestronesuppa

sist me var på Obs plukka eg med meg gratisbladet til coop, og der var det oppskrift på mange supper! Eg er inne i ein prøv-nye-oppskrifter-periode, så i dag måtte minestronesuppa til pers. Og den var veldig god! berre å anbefala! Det er jo ei slags tomatsuppa, og eg har prøvd å laga tomatsuppa frå botnen av mange gonger med varierande hell... Som regel blir det litt surt! Men nå vil eg halda meg til minestronesuppe ei stund, du finn oppskrifta også på Coop sine sider. :) Einaste endringane eg gjorde var at eg la til ei skei honning og bytta ut kvitvinen med eplejuice.

Elles er det ei fredelig helg. BA putle litt i gongen, eg les til eksamen i BREEAM som eg skal ha om nokre veker. Det er ei sertifiseringsordning for bygg viss nåken lurer..! :-)

onsdag 8. februar 2012

jobbreis til Svalbard

Nå har eg vore på Svalbard i eit døgn. Eg har med tjue kilo kler, men held på å kovna iført ein brøkdel:) Det er uvanleg varmt her oppe, og det regnar. Normalt er det veldig tørrt her, det vert ikkje ein gong praktisert takrenner og nedløp i særleg grad på husa. Det er heller ikkje avløpssystem for å ta unna overvann, så vatnet renn fritt, oppå isen og den frosne jorda. Så det eg eigentleg burde teke med var broddane mine, hehe:)

Prøvde å ta litt bilder midt på dagen, men det var ikkje så lett i halvmørket med regn og med mange kunstige lyskilder rundt om:

Litt oppe i Longyeardalen:


Nedover mot sentrum:

Det var finare ver då me fauk inn over Tromsø i går:


Eg håpte eg skulle få slik utsikt over Svalbard også, men der var det berre skodde;)


mandag 6. februar 2012

garderobeskap 2

dørene er på plass uten å skrapa borti innredningen :-) me hadde litt knapt med plass til innredning første gong me sette opp dørene, men etter å ha flytta listene ut eit par cm gjekk det akkurat!
Alt er jo skeivt her, vegger, tak og golv, så uansett kor nøye me måler og planlegger, så skjer det eit eller anna ikkje heilt etter planen..! Nå gjenstår berre nåke listing og flikking, så blir alt bra:-)

søndag 5. februar 2012

garderobeskap 1

det kjeme seg i gongen! Her er innredninga i skapet på plass! Det skal bli godt med MANGE skuffer og hyller til ting og tang som høyrer til i ein gong og som i dag er stabla og trykt inn rundt på andre rom :-)
Elles er det ein vindfull dag i Bergen. Tenkte meg på trening i kveld, men etter ein liten times spasertur i sterk motvind på ubrøyta fortau, trur eg at eg har fått dosen! Må lada litt opp til jobb i veka også, sidan eg reiser til Svalbard på tysdag. Det blir nok ei intens veka på jobb med mykje som skal gjerast mens eg er der, barske verforhold og lang reis for min fortsatt litt skrale kropp:-) Jaja, det blir nok kjekt og, det er ikkje kvar dag eg er der oppe akkurat! Men eg innrømmer at det er litt skrekkblanda fryd:-)

lørdag 4. februar 2012

klissete boller:)

dagens bakst, skikkelig klissete kanel-i-svingen med vaniljekrem, så klissete at dei må lagast i muffinsformer;-)
Anledningen var eigentleg at me hadde steikt, panert sei i går. Etterpå reiste me på kveldskjøring på Kvamskogen, og då me kom heim kjente me korleis det STANKA fisk i leiligheten:-) har jo hatt den middagen fleire gonger før, men det lukta aldri slik, så eg veit ikkje kva som var gale denne dagen. Uansett, ofte bakar eg rundstykker etter me har hatt pannesteikt fisk for å heva luktkvaliteten i huset. Men eg hadde jo bakt dobbel porsjon rundstykke på morgonen sidan eg hadde fri og me vurderte denne kveldskjøringa, så det var ikkje akkurat det som frista å gå i gong med..! Så derfor: boller med kanel i dag! Bård Aslak var enig. Og nå luktar det godt her;)
Oppskrifta er frå ei bok av Marit Røttingsnes Westlie, ei bok eg brukar ofte! sjekk bloggen hennar, der er det også mykje godt;-) frutimian.no, evt frutimian.wordpress.com eller mrw.no (tidlegare bloggar).