mandag 9. mai 2011

oppmuntring

Ka er vel ikkje betre enn ein liten oppmuntring på ein litt kjedelig vondt-i-håve dag? Då er det fint at typen veit koss ein skal laga firkantegg frå Gufsedjuvet ;oP

lørdag 7. mai 2011

vår!

Ja det er liv i meg! Vår og varme gjer godt, og det har blitt lite blogging i det siste! Det fristar meir å vera ute i sola enn å sitta inne på PC-en når det er ei ledig stund:) Me har jo også begynt ein ørliten karriere som fiskerar. Lite fangst har me fått, kun to ørsmå lyrar som akkurat rakk til ein middag til meg og BA, hehe... Trudde det sko koka med fisk i sjøen rundt Bergen, så viss nåken har eit godt fisketips tar me gjerne i mot;)

Elles går det ein del i jobbing for tida, litt meir enn eg bør eigentleg. Har akkurat komt frå eit heilt vekes-kurs i Oslo der me lærte å bruka termografi-kamera for å finna feil i bygningar! Spennande, men eg rekk jo ikkje å gjera noko anna ei slik veke, og eg burde jo bruka ein del tid på trening for tida, kondisen er ikkje heilt på topp:) Eg tek også eit fag i Trondheim som eg vart meldt på i haust. Det handlar om prosjektering av passivhus og lågenergibygg, og me skal ha prosjektinnlevering og eksamen i juni. Så etter dette innlegget blir det sikkert lenge til neste igjen ;-P

I dag såg me tilfeldigvis at det var Loppemarked på Slettebakken skule, og sidan me likevel var på Sletten fekk eg øvertalt min gode halvdel til å vera med innom. Det var eit lukketreff, eg fann endeleg fleire av eggeglasa som eg har samla på i 2-3 år og leitt etter på Fretex! Nå har me fullt sett:) Dei ser slik ut:


Vasen plukka eg med meg frå Rønnevik i påsken. Den passar betre på kjøkkenbordet mitt enn skjult på ei hylle i matbua hima;)

Og eg har ikkje lege heilt på latsida på strikkefronten i det siste, sjølv om det kan sjå slik ut:) Har i alle fall laga eit sjal til ein bursdag i vinter. Det er det gode gamle Swallowtail Lace-Shawlet som eg har strikka fleire gonger nå:) Likar best å strikka det i Kitten frå Sandnesgarn med litt tjukkare pinnar enn det står på garnet;) Då treng ein i overkant av to nøster. Eg hadde ein og ein halv pinne igjen når eg måtte skifta garn på slutten, festligt:)