søndag 17. februar 2013

USA

I mørket og kulden må det vera lov å drømma seg tilbake til sommaren! Eg skal endeleg legga ut litt bilder frå USA-turen me var på i sommar.

Me reiste mandag 9. juli. Det begynte ikkje spesielt bra, me vart forsinka frå Bergen og flyet mellom Oslo og New York for i frå oss. Så etter ein lang ettermiddag og natt på eit hotell på Gardermoen, fauk me via Stockholm og så til New York dagen etter.

Vel framme tok me inn på The New Yorker (og nei, eg får ikkje til å snu bildet... ):


Den første dagen slappa me helst av  fekk oss litt mat. Me var trøtte etter to lange dagar på farten. Men på onsdagen stod me tidlig opp og inntok frokost på Dunkin Doughnut. Deretter spaserte me opp forbi Times Square og vidare til hangarskipet Intrepid som me inspiserte både på avstand og frå innsida. Eit større stykke amerikansk krigshistorie blei konsumert og diverse kampfly studert.


Seinare på dagen tok me, eigentleg tilfeldig, ein tur opp i Empire State Building. Det var ikkje planen, men plutseleg såg me at det var lite kø. Då måtte me jo passa på!! Fantastisk utsikt! :)


Torsdag var det dags å utfolda seg litt fysisk. Me tok med oss frokost i neven som me konsumerte ved Pies 84 blant uteliggarar og morgonfrisk mosjonistar. Deretter leigte me syklar og meir eller mindre rant ned langs Hudson River til Battery Sea Park. Derifrå gjekk me gjennom meir trafikerte gater, blant anna forbi Ground Zero der det er full oppbygging av nye skyskraparar. Her er Bård Aslak like før me skal over Brooklyn Bridge. Opp til midten av brua var vel faktisk den tyngste delen av turen.


Tilbake til Pier 84 tok me ein hurtigbåt. Hugs at i Amerika er det ikkje nok å ha billett for å komma om bord. Den må du veksla inn i ombordstigningskort, elles kan du gløyma å vera med. For vår del var det tull med ombordstigningskortmaskinen, slik at dei ikkje fekk skriva ut til oss. Me fekk vera med på nåde mot at me registrerte oss når me gjekk i land... men det "gløymte" me visst...

Utsikt frå hurtigbåten mot nedre del av Manhattan.


Frihetsstatuen!!


Fredag 13. juli fylte Bård Aslak 30 år, og dagen hadde eg planlagt lenge. Me kjøpte med oss mat og tok subwayen ned til Battery Sea Park der me inntok frokost. Her fekk BA også presangen sin, ein tur i helikopter over Manhattan. Han var ganske nøgd med det;)


Inn mot nedre del av Manhattan. Litt disig i lufta. Hudson River til venstre.


Ellis Island. Her måtte alle immigrantane innom før dei fekk komma inn til fastlandet.


Me tok også ein tur nord i New York og fekk god oversikt:)

På lørdagen var me på Spionmuseum. Elles tok me det me ro. Om kvelden spaserte me High Line, ei nedlagt togrute som er gjort om til park. Her inntok me medbrakt pizza til kvelds. Eg syntest det var ein god ide, BA var litt skeptisk, og alle dei andre vandrarane synest tydeligvis det var eit interessant skue.


Før me forlet New York var me også på Gospel-buss-tur i Harlem. Eg har ingen gode bilete der i frå, men gudstjeneste i ei baptistisk kyrkje er verkeleg å anbefala. Der svinga det godt; galleriet gynga og plantene svaia når  X antall gamle, unge, små og STORE dansa seg gjennom kollekten. Høgtalarane til bandet som akkompagnerte koret måtte skiftast ut kvar tredje månad, det seier kanskje litt om lydnivået:)

Mandag 16. juli kryssa me kontinentet og landa i San Fransisco. Her skulle me møta Borghild, Åsmund, Stine og Tor Helge på tysdagen. Før dei kom, tok me oss ein tur i sentrum og handla kler. For det var faktisk kjølig i SF, og langbukse var nødvendig. Flaks at Levi Strauss heldt til San Fransisco og at det derfor var ein stooor Levisbutikk der:) Me fekk også sjå den berømte trikken:


Me fekk oss også ein tur med denne, men først seint på kvelden nokre dagar etterpå. Det var ein artig tur, der me mista motordrifta i eit kryss. Dermed kom det ein spesiallaga lastebil med trebukk framme og dytta oss i veg igjen... 

Tilbake til tysdagen; etter byturen tok me oss ein sykkeltur til Golden Gate Bridge. BA er klar for action:

Flott utsikt tilbake mot San Fransisco.


Onsdagen var me på bussightseeing og handla i sentrum. Cheesecake Factory kan anbefalast om nokon vil ha god mat og heftige kaker!

Torsdag tok me turen til Alcatraz, noko som er uunngåeleg når ein er i SF. 


Eg inspiserer cellene og har guide på øyrene:



Luftegården.


Fredag 20. juli leigte me bilar og snudde nasen sørover langs Scenic Route. Første etappe gjekk til Monterrey. Det var flott utsikt langs veien.


Dag to på reis hadde me kurs mot Pismo Beach. Denne dagen traff me på sjøløver!


Etter enda ei natt i Santa Barbara havna me til slutt i Los Angeles. Me budde i Hollywood på "Hollywood Celebrity Hotel". Kan anbefalast eigentleg om du skal til Los Angeles, relativt billig og OK:)



Bård Aslak leigte til sin store glede ein Chevrolet Camaro. Me hadde oss ein tur nedover mot San Diego i denne.


Sjølvsagt måtte me innom Santa Monica Beach. Me var berre ein snartur og gjekk tur til enden av piren. 


Mitch og Pamela var ikkje på vakt...


I Disneyland traff me denne blide karen. 


Siste stopp på reisa vår var i Las Vegas. Her var det i alle fall flotte, sære bygningar, alle slags løgne folk og mange spelemaskinar og einarma bandittar. Og endeleg var det varmt vêr igjen. Veldig varmt vêr! :)


30. juli sette me oss på flyet heimover igjen medan dei andre førebudde seg for å reisa til Minneapolis. Reisa vår var lang, men det gjekk eigentleg radig. To timar pause mellom flya er i knappaste laget når ein reiser i USA; det er store flyplassar som gjerne må kryssast og dei byrjar å ta om bord folk lenge før avgang. 

Viss nåken skal reisa til USA og vil ha litt praktiske reisetips, så er vår erfaring at det er lurt å møta opp tidleg til den første avgangen. Me fekk problem med at dei ikkje fann reservasjonen til Bård Aslak, og brukte litt tid på det. Litt sært, sidan mine billettar var der og me bestilte i lag. Men etter litt krangling ordna det seg. Amerikanerane er også meistrar på å overbooka fly, og på alle avgangane var det mellom 10 og 20 som havna på venteliste. Også derfor er det lurt å møta tidleg til første avgang, då blir du sjekka inn på alle dei neste flyreisene med ein gong. Ventelistene resulterte også i at flya fekk forsinka avgang. Familiar som vart splitta pga ventelistene, eller andre som ikkje hadde mulighet til å stå over flyet, prøvde å ordna seg plass om bord. Dette vart arrangert ved at flyselskapet lokka med penger, gratis overnatting på hotell og 1. klasse på neste fly for dei som var villige til å  stå over til neste fly.

Det var vår tur i USA. Kunne vist mange fleire bilder, men det får bli ein annan gong:)

søndag 3. februar 2013

Traktorhua

Etter ei tredje, meir velplassert kortisonsprøyta, er armen betre og eg kan ta fram igjen strikkepinnane med god samvittighet etter X månadar i opplag! :) Gleden er stor og humøret på topp!!

Dermed måtte typen få seg ei ny hua til vinteren, og kva passar ikkje betre enn ei traktorhua når han nett har kjøpt seg traktor?


Traktormønsteret fann eg på bloggen Strikke Lilla, huemønsteret elles er frå ei bok eg lånte av Janne: "Luer er toppen" av Trond Anfinnsen. Garnet er Kirkcaldy 2-tråds frå Malsen og mor med ein rest av mørkegrøn Dale Falk. Hua kunne kanskje vore litt lenger, men den gjekk nedpå og mottakaren er nøgd!

Elles går det rolig for seg i Bergen. Travle dagar på jobb kombinert med kontinuerlig og til tider kraftig, forkjølelse i tre veker, har gitt lite overskudd. Men nå byrjar det å letna. Og det er bra, for på torsdag bere det til London med tidlegare studieveninner, så då bør formen vera god;)