onsdag 13. november 2013

Jakke med holmønster

Har nett sydd i knappane i denne vesle jakka:
Denne skal Sigrid til Inger Marie få.
 
Mønsteret er frå Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe og er veldig fint. Med garnet Fin Alpakka frå DSA vridde mønsteret seg heile tida mot venstre. Det benka seg litt når eg sydde jakka saman, men den er ennå litt skeiv. Håpar det går an å bruka den likevel. Og det burde kanskje vore kvite knappar, men for ein liten unge er det litt festlegare med raude hjerter og blå blomar;-)
 
Jakka er strikka i størrelse 2 år, men den vart nesten like stor som islenderen til broren i størrelse 4. Så det er noko som ikkje stemmer heilt:)

søndag 10. november 2013

Islender

Ein liten islender vart ferdig for litt sidan!
 

Denne skal guten til Inger Marie få. Eg såg mønsteret i Knit for Your kid av Susie Hauman og fekk veldig lyst til å laga den. Då vart Vegard den heldige utkåra!! Det er brukt dobbelt Shetland Soft frå Malsen og mor. Det var mykje å halda styr på fire nøster, så pusta letta ut når eg var ferdig med mønsteret:) Størrelsen er fire år, men tru kanskje den er blitt litt mindre...!

torsdag 7. november 2013

Ballongbukse

Ein etterlevning frå sommaren er endeleg klar: ballongbuksa til ein liten babygut:
Mønsteret er frå heftet All you knit is love av Susie Hauman. Eit veldig kjekt hefte!
 
Mønsteret er ikkje skikkeleg fletting, sjølv om det ser slik ut. I staden for å fletta strikka ein tre vrang saman, noko som faktisk var litt putle. Neste gong eg lagar denne, vil eg bruka eit anna mønster i stripene.
 
Garnet eg brukte var Shetland Soft frå Malsen og Mor. Eit garn som finst i eit utal flotte, melerte fargar. Eg er fan av dette garnet. Men det er litt spinneoljerester i det som gjer tråden litt hard og treg å strikka med. Men då eg vaska buksa heilt til slutt vart den mjuk og god! :)

Til slutt; ein liten film om strikking. Den er laga av Laura Neuvonen.
Sjølv om det er kjekt å strikka er det lurt å gi seg i tide!!

søndag 3. november 2013

Farmengenser

Nå er endelig julapresangen frå i fjor ferdig:)
Ein vond arm og hardt garn på litt tynne pinnar får skulda for at det har teke så lang tid... Men mottakaren er nøgd, sjølv om han har venta lenge. Mønster og garn er frå Rauma/Husfliden. Halsen rullar nok ikkje så fint som den skal, eg brukte ein "elastisk" måte å fella av på som gjorde den litt kranglevoren... men nå tenker eg å ta siste runde opp igjen og fella av på nytt på vanleg vis.