onsdag 28. september 2011

ballar

Eg har ein liten kjenning som nett vart 1 år, og då passa det godt å laga nokre mjuke leiker :-) Desse ballane er gode å kneppa og tygga på i tillegg til kjekke å kasta på! Og så er det ein fin måte for meg å bli kvitt litt restegarn! ;-D
Har brukt Drops Merino Extra Fine og noko Bånsull 3-tråd til desse ballane. Mønsteret er frå boka Itty-bitty toys av Susan B. Anderson.

fredag 23. september 2011

sommarteppe

Så var også sommarteppet ferdig, kanskje litt for seint for lange seinsommarkveldar på balkongen? :-) Det tar alltid litt tid før eg får somla meg til å sy igjen lukkekanten.
Det blomstrete stoffet er frå stoff og stil, kjøpte det for eit og eit halvt år sidan for å laga forskjellig til balkongen. Nå har me to puter og eit teppe, kanskje eg har litt stoff igjen til ein duk?
Dei einsfarga stoffa er frå panduro.

søndag 18. september 2011

kommode

Me fiksar og ordnar i gangen! Det vil seia me etterisolerer og tettar ytterveggen og så skal me få inn ein skyvedørsgarderobe og eit lite fryseskap. Derfor må den gode gamle kommoden min flyttast inn i stova, og då trengte den ei oppskeining!!

Før:
 Etter:

Litt maling og nye knaggar gjorde seg veldig!! Trur kanskje eg må supplera med endå eit par strøk på toppen og på sidene før eg er heilt nøgd, men nå får den stå til vurdering ei lita stund først:)

onsdag 14. september 2011

blomsterteppe

Nå er teppet med blomsterruter ferdig! :-)

Mønsteret heiter Something Pretty, eg fann det på internett hjå Mille makes!

mandag 5. september 2011

gøy på landet


I kveld og dei tre neste dagane er det klart for "Gøy på landet" frå Imsland og Vikedal på TVNorge! Eg vil påstå at det er verdt å få me seg:-)

Bildet er frå TVNorge sine nettsider.

PS: Det blei tur i går, i opphaldsver, nesten til toppen av Veten i Åsane!

søndag 4. september 2011

kom deg ut..!


I dag er kom-deg-ut-dagen i Bergen og me har tenkt oss på tur.

Men veret spelar ikkje heilt på lag:-)

fredag 2. september 2011

brødbakst


Surdeigen virka!

Me går helga i møte med grove brød med eple og valneter! :-)