søndag 25. mars 2012

Move your ass and your mind will follow

las eg i BT i dag! Forskning viser at fysisk aktivitet er sunt for sinn og sjel. Og det trur eg så gjerne. Det viktigaste, trur eg, er heller ikkje nødvendigvis å gå lengst, brattast og høgast, men at ein i det heile teke kjem seg ut ein tur. Sjølv om ein kan verka knirken og knaken i kroppen, trøtt og uggen, så blir det gjerne betre bare ein kjem seg ut døra og går bittelitt. Og så må ein heller ikkje ta det som eit nederlag når ein kjenner seg som ein verdsmeister heime i stova, men som ein potetsekk når ein har gått eit lite stykke. Då innser me (eg) at det høgverdige målet må jekkast ned eit par hakk og me snur og tutle oss ein liten omveg heim i staden for. Dette jobbar eg med å tenka at er heilt greit, og på denne måten vart Rundemannen jekka ned til Fjellhytten på vår ekspedisjon på Fløyen i går. I dag hadde me store planar om Ulriken, men skyene hang lågt heile dagen. Då dei endeleg letta, nedgraderte me oss til ein tur over Natlandsfjellet. Me var i alle fall i aktivitet, og det var godt å komma inn igjen! :) 

Nå er det middagslaging, is på balkongen og Miss Marple på dvd på menyen resten av kvelden. I dag skal me ha One pot wonder frå Mat på bordet. Det ser i alle fall lovande ut, så får me komma tilbake til om det smakar godt også. Me koker det på plate heile tida i staden for i ovnen. Me har ikkje gryter som kan stå i ovnen.

I dag er det også Vaffel-dagen. Me trudde jo det var i går, så me laga oss grove lunsj-vafler med ost og skinka då me kom heim frå tur:

Prinsippet med skinke og ost var godt, men sjølve vaffeloppskrifta var ikkje så god. Det blei litt for tydelig natron-/bakepulversmak for min del, så neste gong går eg tilbake til farmor si gode, gamle oppskrift. Denne varianten fann eg på nett, eg skal ikkje seia kvar... :) Det var Elin som midt i prosessen ringte og informerte oss om at Vaffel-dagen er i dag. Difor venta eg i alle fall med å publisera bileta til i dag, haha:)

lørdag 24. mars 2012

Vårdag!

Eg trur det blir ein fin dag! Helg, sol og vår i Bergen, kan det bli bedre? Må berre bli kvitt dette kvita loket først, så får me komma oss ut på tur!!

onsdag 14. mars 2012

Vinterblomar

Endeleg vart vettene med vinterblomar ferdige:) Det gjekk veldig mykje seinare med den andre votten enn med den første! Eg var slett ikkje inspirert lenger, og i tillegg har det vore litt travelt dei siste vekene, med BREEAM-eksamen og reising i jobben. Mønsteret var veldig fint, men det var litt å følga med på sidan det ikkje var symmetrisk. På den andre votten måtte eg difor også lesa motsett veg på diagrammet enn eg er van med, så det gjekk litt seint, ja! Men dei skal bli kjekke å bruka, kanskje det blir bruk for dei i påska! :) Mønsteret er funne på Ravelry. Det heiter Vinterblomster, og er laga av Heidi Mork.

torsdag 1. mars 2012

I helga var me på Skarfoss og bygde på hytta! BA, Reidar og ein tømrar hadde vore der eit par gonger til i veka før, men på lørdag var også eg og Marianne med! Slik såg det ut då BA og dei var der på tysdagen:


Og slik såg det ut når me kom opp på lørdag:


LITT meir snø:) Men heldigvis var det blese ganske reint framfor inngangen til sjølve hytta, slik at det gjekk an å komma inn utan store problem! Det var verre med uthuset, det var heilt vekke, sjå biletet over. Det skulle vore bak scooteren:)


Inne er ikkje hytta like ferdig, her er eg i gong med isolering av vegger! Elles fekk me panelt og lista ein del.


Me fekk også tid til ein scootertur på vatnet, skrytebilde:


Men det er jo sjølvsagt finast utsikt tilbake utan svære maskiner i vegen... Ser du hytta? :)


Eg er også ferdig med to grytekluar. Eg byrja på dei for lenge sidan for eg ville prøva Anne på landet si oppskrift. Men så havna dei i ein uinspirerande krok heilt til Elin annonserte at ho trengte gryteklutar. Så versågod, her er dei:)