søndag 3. juni 2012

Fiskelukke

Me skulle akkurat gi opp, så blei det fisk! Lykke i Øygarden! :-)

No-knead-baguett

Eg har endelig prøvd no-knead-metoden som eg har lese om lenge på diverse matbloggar! Ikkje for brød, for eg har ikkje jerngryte, men baguettar!

Oppskrifta fann eg på bloggen Marias salt og søtt.

Eg rørte deigen saman i går kveld og baka ut til frokost i dag. Einaste minus var av eg måtte opp ein tur og snu deigen klokka halv sju, men den som er forveten på noko nytt, tåler slikt;-)

Den einaste forskjellen eg gjorde frå oppskrifta var av eg hadde bakesteinen min i botnen av ovnen og ei langpanne med vatn over før baguettane. Det er ikkje nødvendig, men då simulerer ein meir situasjonen ein har når ein bakar slike brød i jerngryte. Visstnok. Dampen gjer at ein får fin skorpa..!

Jaja, Bård Aslak lika det godt i alle fall:-)

Og nå vil eg snart prøva meg på eit brød, tenkte eg kunne prøva med ei eldfast form med folie over..! :-)

torsdag 31. mai 2012

karse

Det spirer og gror! Eg har planta ny ladning karse, den forrige tok kveld då me gløymte å ta den med på tur i pinsen... Desse luringane ska jo ha vatn kvar dag, så ein må følga med!

Men så er det jo så godt på skjevå;-)

mandag 7. mai 2012

Hals i alpakka

Eg ligg ikkje heilt på latsida på handarbeidsfronten heller, denne halsen har faktisk vore ferdig sidan påskeferien nå!




Mønsteret er frå Garnstudio og heiter Buttercream, ein veldig fin hals! Eg hadde noko Drops alpakkagarn i grønt liggande frå eg studerte i Trondheim faktisk, og fann ut at dette kunne vera eit fint prosjekt! Og slik vart det! Det einaste var at mønsteret forsvinn litt synest eg, når det er farga garn i forhold til kvitt. Og så er alpakka litt mjukt garn, slik at det er litt vanskelig å få ferdig hals til å henga fint. Kanten oppe har ein tendens til å vrenga seg utover på vranga... Men med litt manipulering går det greit:)

Nå er det jo snart sommar, men med slike hagl-snø-regnbyger og temperaturar som me har nå, ser det ut til at det kan vera bruk for vinterplagg ei stund til...

tirsdag 1. mai 2012

Fjell- og jobbehelg!

Så er det slutt på ei flott langhelg! På fira dagar i Imsland/Sauda har me kost oss både på fjellet og i låglandet! Superhelga byrja allereie tidleg i veka med Ung i Sweco-samling i Trondheim! Sosialt og trønderfest på onsdag og fagleg påfyll på torsdag! Fredag reiste me sørover med ein koselig pause på Stord! Skulle gjerne stoppa lenger, men me får gjerne fleire sjansar utover i mai?!? :)

På lørdag var mamma og eg på Stølen, eg hugsar ikkje heilt kva tid eg var der sist. Lang tid brukte me, men fram kom me:)

Søndag og mandag var me på Skarfoss. Etter to dagar med kapping, paneling og lakking har me nå fått skrudd opp ei stk familiekøya i det eine soverommet!!! Det er me veldig nøgde med! Mykje gjenstår, og bilder skal de få sjå, men akkurat nå ligg dei igjen i Sauda på eit anna kamera...

1. mai var ikkje dagen for å gå i tog, men med strålande solskinn tok me på oss nåken stygge kler og var med på å mala huset i Rønnevik. Plutselig hadde me komt langt berre på ein dag!

Gjengen er klar for aksjon:

Her er ein som er henvist til opsakassane:

Fargen skal bli mørkegrå med kvite kantar.

Slike helger tar på, og beina mine må ligga høgt eit par dagar nå kjenne eg! Men det var det verdt denne gongen.

lørdag 21. april 2012

Loppefunn

Sist helg var Irene og eg på to loppemarked og ei bruktmesse! Då kom eg over den fjonge sukkerfrøkna til høgre, og ho passa perfekt i lag med herr salt og fru pepar som eg hadde frå før :-) alle er frå Figgjo.

Elles var loppemarknadane ganske stress å vera på, med fullt av folk som presste seg fram på alle kantar! ikkje heilt vår stil, men løye var det jo også:-) og det var mykje skrot egentlig, det synest i alle fall eg... men det er jo utrulig ka folk ser seg mon i! For eksempel den merkelige sukkerdåsen som eg raska med meg;-)