søndag 25. mars 2012

Move your ass and your mind will follow

las eg i BT i dag! Forskning viser at fysisk aktivitet er sunt for sinn og sjel. Og det trur eg så gjerne. Det viktigaste, trur eg, er heller ikkje nødvendigvis å gå lengst, brattast og høgast, men at ein i det heile teke kjem seg ut ein tur. Sjølv om ein kan verka knirken og knaken i kroppen, trøtt og uggen, så blir det gjerne betre bare ein kjem seg ut døra og går bittelitt. Og så må ein heller ikkje ta det som eit nederlag når ein kjenner seg som ein verdsmeister heime i stova, men som ein potetsekk når ein har gått eit lite stykke. Då innser me (eg) at det høgverdige målet må jekkast ned eit par hakk og me snur og tutle oss ein liten omveg heim i staden for. Dette jobbar eg med å tenka at er heilt greit, og på denne måten vart Rundemannen jekka ned til Fjellhytten på vår ekspedisjon på Fløyen i går. I dag hadde me store planar om Ulriken, men skyene hang lågt heile dagen. Då dei endeleg letta, nedgraderte me oss til ein tur over Natlandsfjellet. Me var i alle fall i aktivitet, og det var godt å komma inn igjen! :) 

Nå er det middagslaging, is på balkongen og Miss Marple på dvd på menyen resten av kvelden. I dag skal me ha One pot wonder frå Mat på bordet. Det ser i alle fall lovande ut, så får me komma tilbake til om det smakar godt også. Me koker det på plate heile tida i staden for i ovnen. Me har ikkje gryter som kan stå i ovnen.

I dag er det også Vaffel-dagen. Me trudde jo det var i går, så me laga oss grove lunsj-vafler med ost og skinka då me kom heim frå tur:

Prinsippet med skinke og ost var godt, men sjølve vaffeloppskrifta var ikkje så god. Det blei litt for tydelig natron-/bakepulversmak for min del, så neste gong går eg tilbake til farmor si gode, gamle oppskrift. Denne varianten fann eg på nett, eg skal ikkje seia kvar... :) Det var Elin som midt i prosessen ringte og informerte oss om at Vaffel-dagen er i dag. Difor venta eg i alle fall med å publisera bileta til i dag, haha:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar