søndag 2. september 2012

Fruit and berry-salad

I dag blei bringebærsirupen brukt i den fantastiske salaten! Her er oppskrift slik me fekk den i USA (2 stk):
- salat, gjerne spinat eller annan bladsalat
- to steikte kyllingfiletar i bitar
- ein halv pakke steikt bacon i bitar
- ei halv blokk fetaost
- ein neve rosiner
- ein neve tranebær
- ein neve hakka rista eller kandiserte valnøtter
- ca 10- 15 bringebær
- ca 10- 15 jordbær
- to små pærer
- bringebærvinagrette av bringebærsirup, valnøttolje, salt og pepar
Skikkelig sommarsalat, og litt luksus! i alle fall nå når det ikkje er billige norske bær lenger. Men det må ikkje vera bringebærsirup i vinagretten, eg har laga den med annan sirup, og ein kan sikkert bruka honning. Ein kan bytta ut mykje og likevel blir salaten god. I dag hadde eg eple i staden for pærer, fordi pærene i butikken var overmodne, og då likar eg dei ikkje. Fetaosten var visst mugla, så då blei det klattar med philadelfia i staden for. Og så blei det spekeskinka i staden for bacon, sidan eg hadde det opna i kjøleskapet. Og så hadde eg berre "vanlig" isbergsalat. Godt blei det likevel:-) Elles har det vore ei fredelig helg for meg. BA har vore på hyttå og installert pipe og ovn, eg har slappa av, gjort husarbeid, trent og sydd opp gardiner til hyttå. Det siste var ikkje spesielt kjekt, egentlig berre eit plunder som det er godt å vera ferdig med! :) Men nå er det film og håndarbeid i sofaen resten av kvelden:-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar