onsdag 20. juli 2011

ferie

Så vart det endelig sommarferie, om enn i ein regntung variant:) Ferien vart innvia med utdrikningslag for Kjersti, noko som var veldig kjekt og festlig! Me henta henne på jobb på Energihotellet og drog rett til Suldalsosen for å rapellera frå Kariåsen til Lunde:

Hege i svevet!

Luftig og fint! :)

Etterpå gjekk turen til Jøsenfjorden for paintball, rebusar og grillings! God stemning!!

Nokre dagar etterpå reiste BA og eg på ein liten ferietur på jakt etter sola. Me tenkte at det sikraste var å komma seg sør-/austover og tok første transportetappen til Langesund for å komma oss over fjellet. Deretter heldt me oss nokre dagar i Vestfold (Larvik - Sandefjord - Tønsberg) før me tok siste dagen i Kragerø - Skien. Då hadde me til saman hatt to fine soldagar, og innsåg at dei neste dagane skulle det vera regn i heile Sør-Noreg. Så me kunne likevel vera heime og gjera noko fornuftig:) Så då putla me oss heim igjen! Mykje fint fekk me likevel sjå i løpet av turen, her har me vore på Mølen ved Helgero/Nevlunghavn og sett på geologiske avsetningar frå den siste istida (ingeniørferie).
Me fekk også prøvd det nye campingteltet som BA fekk til bursdagen, veldig flott og romsleg! :)

Me var også og såg på residensen til Sven Foyn, ein kvalfangar som heldt til i Sandefjord. Han hadde eit digert murhus langt oppe i åsane i Sandefjord med flotte parkanlegg. Skulle gjerne vist bilete derifrå, men me var der litt seint om kvelden, så kvaliteten var litt ymse. På veg heim gjennom Vinje i Telemark stoppa me på Mjonøy og og kjøpte eldhusbakte boller og brød; NAM! Anbefales! Me sprang frå regndropar så store som klinkekuler og inn i eit ørlite, varmt og godt eldhus der det låg fullt av boller og brød i ulike variantar langs veggene Neste som å komma til himmelen for søtmonsar som oss ;oD Bare å plukka det me ville ha og så betala i bua ved sida av.

Dagen me reiste på ferie fekk eg også ein gladmelding på telefonen. Eg hadde først fått vita at eg måtte venta minst eit halvt år til før eg fekk sertifikatet igjen, og hadde slått meg til ro med det. Men så ringte dei plutseleg frå Bergen og sa at dei hadde nistudert synsprøvane mine og at eg faktisk såg akkurat godt nok til å få kjøra likevel:) Så i går var eg og mine to gode søsken i Haugesund på handel (med assistanse frå Geir):

 
Yaris Sol 2009

Veldig flott!

Og eg er veldig nøgd!

Men den må få stå nokre veker i garasjen før eg har lappen i lomma og kan ta den ut på den store bilveien;) Føreløpig blir den testa på gardsveien!

2 kommentarer:

  1. Gratulera med bil og så herlig at du får lappen igjen! Veldig kjekt! Praktisk med liten bil i byen:)

    SvarSlett
  2. Ja det var kjekt, det høyrtest så negativt ut på kontrollen at eg hadde jo slått det heilt i frå meg på ei stund, så ble veldig glad og overraska:) Kan nesten snu på ein tiøring med denna her;)

    SvarSlett