torsdag 16. juni 2011

tøyvesker

Sjølv om det ikkje er svere sommaren ute, kan me jo godt la det blomstra litt inne;) Kunne ikkje gå frå desse fine peonene på Sletten i går når det hølja ute!

Etter ei fjellhelg med hyttebygging fann eg det nødvendig med eit par tøyposar til uthuset på Skarfoss. Når ein skal samla nødvendige ting og tang til X antal personar inne på 15 kvadrat, kan det vera kjekt å ha nokre posar lett tilgjengeleg på veggene. Og himalagte tøyposar er jo litt finare enn plastposar frå Obs og Kiwi! ;) Nå har me ein pose til lageret av lys og fyrstikker og ei til lageret med såper, tannkremar etc!


Eg laga dei i blomstrete stoff med fuglar som ytterstoff og turkis fôr. Oppe er posane lukka med løpegang og skosnorer. I sida er det sydd inn glidelåsar for at ein lett kan henta ut noko utan å løfta posane ned frå veggen. Syns det var eit genialt trekk, men me får sjå kor nyttig det blir:) Glidelåsane er sydd i posane etter inspirasjon frå bloggen Lises myke pakker. Der er det ei fin oppskrift på sminkepung med fôr der ein syr i glidelås. I tillegg er det mykje anna knask:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar