søndag 19. februar 2012

mullagatawny og vinterblomar

suppefantomet slo til igjen på fredag, også denne gongen med ei suppa frå coop-bladet. Denne fredagen var det Mulligatawnysuppa som var på menyen.

Eg innbilte meg av ein eller annan merkelig grunn at mulligatawnysuppa var ei slags kjøttsuppa frå Storbritannia, men det viste seg at den var indisk, og i dette tilfellet var oppskrifta også vegetarisk. Men etter nokre søk på nett fann eg fleire mulligatawnyoppskrifter. Det viser seg at det er vanleg med eple også i den, i tillegg til enten kylling-, lam- eller oksekjøt. Så då spedde eg på med eit eple og kyllingfilet i små bitar. Resultatet var ei suppe som likna veldig på indisk lammegryte på smak. Det smakte faktisk så bra at restene vart fortært i dag til søndagsmiddag:)

Eg har også begynt å strikka nokre vetter i mønsterstrikk. Etter litt surfing på Ravelry i forrige veke, fann eg MANGE vetteoppskrifter eg vil prøva!! Først ut er Vinterblomster, eit gratismønster laga av Heidi Mork.

Oppskrifta foreslo Rauma finullgarn, det passa bra for det var det eg hadde kjøpt inn til eit uspesifisert votteprosjekt tidligare i vinter! ;) Kuløren går i kvitt, gult og grått. Det var tilrådd med pinne 2,5 mm og eg sette i gong med det. Og det låg an til å bli nokre ENORME vetter... Litt snurt rekte eg opp igjen og la opp på nytt med pinnar 2 mm, som for øvrig er så tynne at dei trugar med å knekka berre eg ser på dei!! Nå fekk vettene ein meir normal storleik, men dei er framleis store... Og eg har i tillegg strikka så stramt at eg har muskelknutar i skuldrene :-D Så eg trur det blir ein runde i vaskemaskinen og forsiktig toving før dei er heilt ferdige, ja...! :) Eg kunne jo eigentleg strikka dei i størrelse ENORM i utgangspunktet og tova dei hardt, men det kom eg ikkje på før eg var komt ganske langt med dei tynne pinnane...

Det har vore ei fredelig helg! BA sette kursen sørover i går ettermiddag for å gjera ein innsats med hyttebygging, eg blei igjen med BREEAM-eksamenlesinga mi, trening og diverse dill og dall på tidsplanen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar