mandag 14. februar 2011

Jakka 1

Her kjem første rapport om den nye, raude kåpa mi. Eg kjøpte ei raud kåpe for over 6 år sidan som eg har likt veldig godt, men nå har eg etter kvart måtta innsjå at den var utsliten... Sorga var stor, heilt til eg kom på at eg med min fortsatt ganske nye symaskin, kunne laga meg ei ny! Ein tur på Stoff og stil i haust resulterte i mønster og stoff til denne kåpa:

Eg begynte på prosjektet i julaferien og heldt fram då eg var heime forrige helg. Nå har eg teke det med meg til Bergen slik at det går litt raskare å bli ferdig. Stoffet er av filt, 50% ull og 50 % syntetisk. Det er krussedullar på den eine sida av stoffet, fant ut at det kan bli litt voldsomt om eg har det på heile kåpa. Difor har eg snudd nokre av delane slik at desse er einsfarga. I overgangane skal det syst på fløyelsband, det er så langt eg har komt nå. Det tar litt tid, må tråkla dei på for hand først.

Eg har aldri laga klede før, så det er ganske spennande, og eg lurer på korleis det ferdige resultatet blir! Mønsteret er heldigvis ikkje alt for vanskelig, og sidan eg syr i filt som ikkje kan rakna, så slepp eg å stressa med kasting rundt stoffkantar og slikt :-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar