tirsdag 1. februar 2011

bestemorteppe

Etter cirka 10 år (!) er endeleg bestemoteppet ferdig!


Begynte ein gong på vidaregåande med ein pose restegarn som eg skulle hekla opp. Forstod etterkvart at eg måtte ha GANSKE mange ruter for å få eit heilt teppe, og mista nok litt motet. Ikkje heilt gjennomtenkt i starten. Teppet har rett nok lege brakk i månadsvis og kanskje til og med år om gangen. Det har vore med frå Imsland til diverse hyblar i Trondheim og deretter til Bergen. Det siste året har eg hatt to periodar med intenst arbeid for å få det ferdig! Men det har vore mykje arbeid, meir enn eg trudde det skulle bli. Berre å festa alle trådane og sy det saman tok evigheter... Jammen bra eg er sjukemeldt, slik at eg får gjort unna slike ting, hihi:)

Her er samlinga med ferdige ruter. Totalt 180 stk, med 10 trådar å festa på kvar...

Etter kvart vara trådane festa og eg kunne legga det ut og prøva å fordela rutene slik at det ikkje vart klynger med same farge. Hadde meir eller mindre hell med dette, måtte justera litt undervegs i samansyinga;-P Ingen ruter er like, med unntak av to eller tre. Det er også brukt ulikt garn; ein del restegarn av ulik kvalitet og ein del innkjøpt garn av ulike merke. Så nokre ruter er større enn andre. I tillegg har eg brukt litt for tynn heklenål, slik at rutene er rimeleg kompakte. 

Til slutt hekla eg ein svart kant rundt; tre rundar med stavar og luftmasker og til slutt ein med fastmasker. Teppet er allereie i bruk i sofaen ;-)

Det verste er at eg godt kunne tenka meg å laga fleire slike teppe, men trur ikkje eg orke å begynna på eit med ein gong. Det er nemleg veldig fint med bestemortepper med kvite kantar... Men viss det blir aktuelt skal eg bruka ei tjukkare heklenål slik at rutene vert større og mindre kompakte, då kan eg gjerne klara meg med færre ruter...! Me får sjå!

3 kommentarer:

  1. Kjempefint teppe Jorunn Merete ! Kjekt at du har blogg på plass igjen, har sakna den eg !

    SvarSlett
  2. Sjå der blei det ferdig! Gratulera! :)

    SvarSlett
  3. Takk takk;) va ganske bra å bli ferdig ja, va lei av å ha dei posane med garn og ruter ståande:)

    SvarSlett