lørdag 19. mars 2011

Jakka 2

Nå er det lenge sidan sist innlegg, ein kombinasjon av latskap og at dataen min tok kveld for eit par veker sidan. Men nå har me fått inn ein reservemaskin, og eg er i gong igjen:)

Til slutt vart den raude jakka også ferdig!

Eg har til og med sydd fór i den, men det har eg ikkje bilde av. Det var eit putlearbeid, og eg angra av og til på kvifor eg gjorde det, det stod jo eigentleg ikkje i mønsteret.... Men når mamma sa at eg burde gjera det, så var det vel lurt då:) Så jakka er glatt og fin inni, unntatt i armane. Detalj av knappane og fløyelsbandet:

Min erfaring etter å ha sydd mitt første klesplagg etter stoff-og-stil-mønster, er at dette ikkje var så vanskeleg som eg alltid har forestilt meg. Og sidan eg var litt nøye (også etter påtrykk frå mamma :) ) og tråkla før eg sydde på maskin, så trengte eg berre å ta opp igjen saumar eit par gonger ;oP Litt ekstraarbeid med å tråkla og sy på fløyelsband, men dette gjekk også radigare enn venta. Dei var så stive at dei la seg fint når eg sydde på maskina.

Nå må eg skynda meg og bruka jakka før det blir for varmt i vêret:) I dag var me på ein ørliten skitur på Bontveit, det var sol og varmt og påskestemning, så me er klare for våren!


2 kommentarer:

  1. Jeg er mektig imponert over at du har sydd deg jakke. Så flink du er!

    SvarSlett
  2. takk! :) eg er litt overraska kva eg har fått til sjølv også;oP Men det gav meirsmak, må snart ein tur til på Stoff og stil og finna nytt prosjekt;)

    SvarSlett