torsdag 3. februar 2011

Barnepiken

Har nett lese ei bok som var veldig god; Barnepiken av Kathryn Stockett:


Handlinga finn stad i sørstatane i USA på 60-talet, nærare bestemt i Jackson, Mississippi. Boka fortel om farga hushjelper/barnepiker i dei fine heimane der nede, kvardagane deira og kva dei må finna seg i i det segrererte samfunnet. Ei ung, kvit dame byrjar å stilla spørsmål til raseskillelovane som styrer samfunnet og ynskjer å setja fokus på det ved å skriva om dei farga hushjelpene. Dette viser seg å vera vanskelegare å få til enn ho trur.

Det er ei veldig spennande og fascinerande bok. Utrulig kva hushjelpene/barnepikene måtte finna seg i, samtidig er det skremmande kor langt dei kvite fruene kunne vera villige til å gå for å behalda dei fine fasadane sine. Men mellom urettferda får ein også høyra gode og rørande historier.

Ei bok det er vel verdt å lesa! :)

I helga skal eg til Imsland, kanskje eg rekk å sy litt på den raude kåpa eg har som prosjekt hima? Bilete og rapport følgjer seinare:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar