I helga var me på Skarfoss og bygde på hytta! BA, Reidar og ein tømrar hadde vore der eit par gonger til i veka før, men på lørdag var også eg og Marianne med! Slik såg det ut då BA og dei var der på tysdagen:
Og slik såg det ut når me kom opp på lørdag:
LITT meir snø:) Men heldigvis var det blese ganske reint framfor inngangen til sjølve hytta, slik at det gjekk an å komma inn utan store problem! Det var verre med uthuset, det var heilt vekke, sjå biletet over. Det skulle vore bak scooteren:)
Inne er ikkje hytta like ferdig, her er eg i gong med isolering av vegger! Elles fekk me panelt og lista ein del.
Me fekk også tid til ein scootertur på vatnet, skrytebilde:
Men det er jo sjølvsagt finast utsikt tilbake utan svære maskiner i vegen... Ser du hytta? :)
Eg er også ferdig med to grytekluar. Eg byrja på dei for lenge sidan for eg ville prøva Anne på landet si oppskrift. Men så havna dei i ein uinspirerande krok heilt til Elin annonserte at ho trengte gryteklutar. Så versågod, her er dei:)
Tusen takk, fine klutar :)
SvarSlett