søndag 27. mars 2011

sengeteppe!

Eg ryddar i skuffer og skåp og har nå dratt fram og ferdigstilt eit anna nesten-ferdig-prosjekt. Eg byrja på eit sengeteppe i sommar, skreiv om det eit par gonger på den forrige bloggen. Så vart det bråstopp på seinsommaren då eg berre hadde montering av bakstykke og lukkekant igjen. Det har eg gjort noko med nå:

(Obs, trur det er noko gale med bloggen, får ikkje fram bileta... skal prøva og fiksa det)
Dette teppet skal me ha i Sauda. Det ser litt knapt ut på lengda, men det er fordi det er hovud- og fotgjerde på senga der, slik at teppet ikkje skal henga utføre kanten.

Eit nærbilete av stoffa. Har kjøpt alle stoffa på ein quiltebutikk i byen, så det er av flott (og dyr...) kvalitet. Kan ikkje laga så mange slike teppe, då må nok stoffa kjøpast på Stoff og stil, hihi:) Men har du lyst, har du lov av og til!! 

Teppet var ganske stort å hanskast med på slutten, og eg måtte få litt hjelp av mamma og Bård Aslak til å halda når bakstykket skulle nålast fast. Likeeins når det skulle syst på maskin, det stoppa berre opp dersom ingen var med og drog i den andre enden:)

Til slutt fekk eg sydd på ein himalagt-lapp, må jo ha det:) Og bakstykket som de også ser på dette biletet er veldig fint, nesten like fint som framsida synest eg:) Det var glede i heimen då eg fann det på butikken, trudde berre det fantest kvite bakstykke før dette kom fram i lyset!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar