søndag 5. juni 2011

sol og sommar!

Endelig kom sola og varmen til Bergen! I dag kan eg skryta av at eg har vore på Ulriken, det var ikkje verst for ein vesal skrott! Brukte rett nok to og ein halv time,  og tok bane og buss him igjen, men eg klarte i alle fall å kreka meg opp:) Så nå er den fysiske testen bestått og eg kan med all sannsynlighet vera med på hyttebygging på Skarfoss neste helg! :D

Elles skulle eg eigentleg lest til eksamen i passivhus denne helga, men eg måtte for ei tid sidan innsjå at min fysiske kapasitet ikkje var god nok til å gjennomføra eit heilt fag. Så dermed kasta eg inn handkle, og den siste tida har eg brukt på å ta meg igjen og somla meg tilbake til min (for tida) normale tilstand som inneber litt jobb, trening og generelt lite stress og travelhet:) Positivt er at eg også fekk overskot til å laga litt ting igjen, og eg har avslutta eit teppe som eg skal ha på balkongen. Det er rett som det er oppletta og fint å vera ute på balkongen, men det bles så mykje der! Derfor har eg laga eit teppe som kan brukast både når det bles og når kveldane generelt er litt kjølige.


Frå montering av vatt og bakstykke

Blå lukkekant er på plass og teppet er ferdig og klart til bruk på balkongen!!


Var ikkje heilt nøgd med komposisjonen av stoffa undervegs, men det vart ikkje så gale når eg fekk laga til kantane rundt. Fann ut at eg fekk kalla det eit ingeniør-teppe; det er generelt lite kreativt og derimot symmetrisk og regelmessig i mønsteret med striper  i ekemplarisk rekkefølge. På den andre sida; sommarsleg og blått:) Stoffa er frå Stoff og stil. Der var eg også ein tur på fredag med Inger Marie, så det neste prosjektet blir puter i friske fargar til sofaen! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar